Bjørn, Connie, Maria og Arthur Moen kosar seg på 17. mai på Røv Mølle.

17. mai i Øvre Surnadal

Publisert

I år som i fjor vart det biltog rundt øverbygda. Det var oppstart frå Mo oppvekstsenter, og oppover nordsida til Dønnem bru, deretter kjørte biltoget nedover sørsida til Røv Mølle. Folk var ute langs vegen og vinka med flagg.

På Røv mølle spela korpset marsjar, og til slutt «Ja, vi elsker».

Varaordførar Hugo Pedersen heldt tale, og dela ut stjerner og medaljar til korpsmedlemmane.

Etter korpset hadde spela frå seg vart det sal av is gjennom bilvindauga.

Tusen takk til Mo skulekorps som arrangerte ein fin 17. mai i Øvre Surnadal.

Mattias Solem, Oda Bolme og Mikkel Bolme står i bedehussvingen og ventar på biltoget.
Nikolai Lindvåg Sande på Røv Mølle
Mo skulekorps med Nora Sissel Gulbrandsen Holten som dirigent.
Hugo Pedersen heldt tale
Oliver Moen
Leo Solem ville også bli teken bilete av.
Ingebrigt Meland Moen og Harald Moen
Kua og grisen på Røv Mølle var pynta for dagen.
Mo skulekorps, her med Kirsti Gjerstad, selde is.

.

Powered by Labrador CMS