ANNONSE:
Accordionkonsert i Åsskard Kyrkje
Storm Duo har eit breitt repertoar som spenner seg frå klassisk musikk, via varietémusikk til folkemusikk frå Noreg og Island. Kristina Farstad Bjørdal og Asta Soffia Thorgeirsdottir møttes første gong for samspel i 2017. Dei kjende umiddelbart at dei hadde ein unik musikalsk kjemi dei måtte bygge vidare på, og i dag spelar dei frå sitt varierte repertoar beståande av deira eigne yndlingslåtar!
Vel møtt til Åsskard Kyrkje til variert trekkspelkonsert!
Accordion, eller trekkspel, - orgelets smått forhatte lillebror, er eit allsidig instrument. Meir allsidig enn mange trur.
Dette får vi fleire døme på denne måndagskvelden i Åsskard kyrkje.
Det er Storm Duo som står for konserten og kyrkjemusikar Ronny Kjøsen vil også delta med nokre tonar.
Storm Duo
Asta Soffia Thorgeirsdottir frå Husavik på Island og Kristina Farstad Bjørdal frå Sunnmøre utgjer Storm Duo. Deira musikalske og personlege kjemi starta samarbeidet deira i 2017, og sidan har duoen heldt ei rekkje konsertar innanfor mange sjangrar og scener.
Dei brenn for å få akkordeonet ut til folk flest, så vel som til dei som interesserar seg for instrumentet frå før. Duoen har ein brei musikalsk bakgrunn, og er utdanna ved Noregs Musikkhøgskule, Hochschule für Musik Freiburg og Det Kongelige Danske Musikkonservatorium. No er dei på turne der dei spelar klassisk, nyskrive musikk, tango, norsk og islandsk folkemusikk.