Surnadal SV melder:

Julehelsing frå Surnadal SV

Takk til dykk som stemte på SV ved Stortingsvalet i haust.

Møre og Romsdal fekk representant på tinget etter fleire periodar utan. Vi er viss på at Birgit Oline Kjærstad også vil jobbe for oss som bur tett innunder grensa til Trøndelag. Surnadal SV skal iallefall minne henne på at vi er her.

Surnadal SV er nøgd med at SV sentralt trekte seg frå regjeringssamarbeid med AP og SP (dei sistnemnde fekk det vel også som dei ønskte da).

Hovudsakene for SV er framleis klima og rettferd.

I budsjettforhandlingane fekk SV flytta seks milliardar som sikrar statsbudsjettet ein betra sosial profil og kuttar klimautslepp.

Milliardane skal brukast til

- oppheve kutt i barnetillegget for uføre.

- barna får brillestøtta tilbake.

- alle familiar på sosialhjelp skal få glede av barnetrygda. Det er ikkje lenger lov for kommunane å halde pengane tilbake (som bl.a. Surnadal har gjort). I Surnadal fekk Ole Stensby fleirtal i kommunestyret i desember for eit tillegg som gjeld utrekning av sosialhjelpa.

- arbeidslause og permitterte får feriepengar.

- det blir sett i gang to store velferdsreformer; - gratis SFO (gratis halvdagsplass for alle 1.klassingar frå neste skoleår) og tannhelsereform.

Miljø

- det blir ingen 26. konsesjonsrunde på norsk sokkel 2022.

- CO2-avgifta for oljebransjen aukar.

- kutt i skogvern blir stansa.

SV og regjeringa er også einige om tiltak mot dei høge straumrekningane. Støtta vart auka med 1,125 milliardar oppå det som regjeringa la opp til. Inni dette ligg auka kompensasjon til alle, og til kommunane for sosialhjelp og bustøtte.

SV fekk også med seg regjeringa på å utsetje den auka nettleiga som kjem etter jul. (Men dei lærde stridest om kva som går an her, ikkje alle har lyst til å rette seg etter politiske vedtak).

TIL SLUTT EIT STORT ØNSKJE FRÅ SURNADAL SV.

Vi skulle ønskje at nokre av dykk som stemte SV i haust, blir med vidare som medlemmar i SV. Aktive eller passive medlemmar, - unge og eldre; alle er like velkomne.

INNMELDING I SV:

Send SMS med INNMELDING til 2090 (kr 100 i medlemsavgift) eller bruk SV.no.

Vi ønskjer alle ei riktig god jul og eit godt nyttår.

Powered by Labrador CMS