Arrangerer vårsøgjubileum: Frå venstre: Anders Larsen frå Laget Vårsøg, Rune Dalager frå Kulturskolen, Maja Frønes frå Nordmøre Museum og Lilli Husby frå Surndal kommune
Arrangerer vårsøgjubileum: Frå venstre: Anders Larsen frå Laget Vårsøg, Rune Dalager frå Kulturskolen, Maja Frønes frå Nordmøre Museum og Lilli Husby frå Surndal kommune

Vårsøg 75 år

Det er 75 år sidan Hans Hyldbakk skreiv diktet Vårsøg. Jubileet blir markert laurdag den 17. oktober med ei rekkje aktivitetar på Surnadal Kulturhus.

Publisert Sist oppdatert

221Fredsvåren 1945 skreiv Hans Hyldbakk diktet Vårsøg, som er gjort kjend gjennom Hennings Sommarro sin melodi og gruppa Vårsøg si framføring.

Diktet skildrar våren, men og freden som var i anmars denne våren etter 5 år med okupasjon.

Aktivitetar på dagtid

Jubileet blir markert på fleire måtar laudag 17. oktober på Kulturhuset. Det blir både konsert, film og utstillling av Hyldbakk sine eigne fotografi.

Surnadal kommune, Laget vårsøg, Surnadal og Rindal kulturskole, dansekompaniet, Nordmøre museum står bak markeringa, som startar kl 13 med konsert i foajeen. Her vil konferansier Svein Sæter lose publikum gjennom eit variert program. Karstein Mauset vil synge songar frå den nye plata si, det vil bli innslag frå Surnadals hyllest til Dire Straits og frå Kulturskolen vil Mette Madaus og Karina Fiske framføre Jo Sverre sin song "Ka om". Det blir framsyning frå dansekompaniet, og fiolinmusikk frå elevar ved kulturskolen. I tillegg vil Hedda Moen Gjerstad framsøre Kveldssong.

Karstein mauset vil og selge den nye CD'en sin, og på biblioteket blir det råd å kjøpe den nye bygdaboka som omhandlar områder Pollen-Sogge. Kl 14-16 vil bygdaboka bli presentert på biblioteket.

I kinosalen vil det frå kl 14 bli framsyning av Ingeborg Grimsmo sin film Kleivakongen. Denne vil gå i "loop", og starte på nytt kvar halvtime. Siste framsyning startar kl 1530.

I Finstuå vil Nordmøre Museum syne fram digital utstilling av bilete teke av Kleivakongen sjølv.

Konsertar i Storstuå

Laurdag kl 17 og kl 20, og søndag kl 18. blir det konsert med Henning Sommerro og eit håndpukka emsemble som består av John Pål Inderberg og songarane Sara Fellman og Julie Støp Husby.

Sara Fellman, Julie Støp Husby og John Pål Inderberg
Sara Fellman, Julie Støp Husby og John Pål Inderberg

Gjennom Henning sine melodiar, for anledninga i ny drakt, og unike opptak av Kleivabrev blir publikum tekne med på ei musikalsk reise gjennom Hyldbakk si verd. Konserten fekk terningkast 5 av Romsdals Budstikke.

Det er no lagt fram ekstra billettar til konserten laurdag, som i utgangspunktet var utseld. Smittevernkrava blir letta på frå 12. oktober, og det er nok med eit sete mellom kvar kohort.