ANNONSE frå Surnadal kulturhus:

Superlaurdag i kulturhuset

Surnadal kulturhus rundar tjue år i år, og det vil ein merke laurdag 3. desember.

Kulturskulen startar det heile med sin kaffekonsert kl. 12. Konserten kan godt krydrast i for- eller etterkant med eit besøk innom Finstuå. For kunstforeninga si utstilling «Haustlys» verkar å treffe mange – og det på ein særleg positiv måte.

Ein time etter, kl. 13, vil dei yngre kunne få med seg klovnen KOKO på biblioteket – medan dei noko eldre kanskje heller vil troppe opp i Svorka, i etasjen under, der det er lansering av bygdebok nummer fem: «Honnstad-Kvammen», der «dalstroka innafor» også er kome med mellom dei to same permane.

Så er det å vente på storkonserten kl. 19 i Storstuå – der lokale kulturutøvarar dominerer. Mange av desse har «vakse opp» i kulturskulen og på scena på kulturhuset.

Halsalendingen Øyvind Weiseth, m.a. forrykande kjent frå «Idol», er tilbake til gamle trakter. Og rindalingen Jo Sverre, ofte spelt på radio, er også («mesta») heime igjen.

Jo Sverre

Surnadalingane i Batteri har ikkje spelt frå same notearket på mange år. Men laurdag er dei saman igjen – noko som vi må kalla eit musikalsk «skup»!

Batteri var unge kulturskuleelevar da dei entra scena for første gong. Kulturskulen er også representert på denne konserten med Ida Moe, Johanne Holten og Bandet Design.

Batteri i sine glansdagar

Anders Larsen, Hedda Hansen Berg, Karstein Mauset og huskoret Tordenskjold, med gjestedirigent Bernt Bøe, er med og kompletterer konserten.

Tordenskjold songlag

Innimellom dei musikalske piruettane skal Gøran Bolme og radarparet Tove Merete Schei og Tove Sundli sørge for nokre humoristisk kvileskjer. Svein Sæter skal, som konferansier, sørge for at dei ikkje fer altfor langt utpå vidåtta.

Gøran bolme

Ei stund etter konserten, kl. 22, blir det arrangert musikkpub i foajeen med bluesbandet Maldito. Surnadalingen Gard Rognskog Nødset spelar trommer i trondheimsbandet som blir omtala slik av NRK P3: «Maldito har siden sitt gjennombrudd i 2019 blitt kjent for sine energiske låter og elleville konserter. Med et live-uttrykk som minner om «Big Bang» setter bandet en ny standard innenfor den norske rockescenen.» Kort sagt: eit verdig punktum på superlaurdagen i kulturhuset.

Gard Rognskog Nødset
Powered by Labrador CMS