Nidarosdomens jentekor, TrondheimSolistene og Astrid Nordstad satte surnadalingene i julestemning

Mektig og eksklusiv førjulskonsert i Storstuå

Vårsøghelga slo på stortromma og inviterte til ein storveies førjulskonsert i Surnadal kulturhus søndag ettermiddag. For det var ikkje kven som helst som inntok scena. Nidarosdomens jentekor, TrondheimSolistene og Astrid Nordstad er ein nesten ubeskriveleg vakker kombinasjon, og saman leverte dei ein julekonsert som lett hadde fylt kyrkjerommet.

Publisert Sist oppdatert

For konserten «Julefryd» var opphavleg planlagt arrangert i Stangvik kyrkje, men på grunn av regelen om fastmonterte sete vart konserten flytta til Storstuå i Surnadal kulturhus.

Nidarosdomens jentekor og TrondheimSolistene har framført konserten «Julefryd» i Nidarosdomen heilt sidan 2012. 2020 var året dei skulle ut på sin første turné, men koronapandemien ville det annleis. «Julefryd» vil bli framført to gongar i Nidarosdomen seinare i desember, men Surnadal vart einaste stoppestad på den svært så eksklusive turneen.

Nidarosdomens jentekor, TrondheimSolistene og Astrid Nordstad

Leiar i Vårsøghelga, Anders Larsen, vart svært godt fornøgd med å kunne presentere en slik konsertopplevelse i Surnadal.

- Vi har møtt mange hinder på vegen, men med kommuneoverlege Bjørn Buan sin velsigning fekk vi likevel arrangere konserten. Dette er første gong «Julefryd» blir framført utanfor Nidarosdomen, og det er berre fantastisk at det skjer nettopp her i Surnadal, sier Larsen.

Larsen forsikra publikum i Storstuå om at planlegging av Vårsøghelga 2021 er i full gong.

- Vi planlegg ut i frå smittevernreglane som gjeld per i dag, så kan det vere at det blir forandringar undervegs. Det vil bli programslepp før jul, og det er berre å glede seg. Eg kan ikkje avsløre noko, men det er verdt å merke seg namnet på festivalkunstnaren når den tid kjem. Det vil bli svært bra, seier Larsen hemmelighetsfullt.

Kvalitet i alle rekker

Anita Breivik er dirigent og kunsterisk leiar

Med over seksti songarar og musikarar på scena samtidig, er det ingen tvil om at konserten hadde fått ein annan dimensjon i kyrkjeklangen i Stangvik enn i «vesle» Storstuå. Men Nidarosdomens jentekor, TrondheimSolistene og ikkje minst Mezzo-sopranen Astrid Nordstad gjorde det beste ut av situasjonen og sørgde for at dei 150 heldige i salen fekk julestemninga servert på eit sølvfat.

- Eg håpar konserten vil gi dykk songar som utfordrar til refleksjon og ettertanke, sa dirigent og kunsterisk leiar, Anita Breivik før konserten.

Det fekk ho rett i. Astrid Nordstad, solistane og koret framførte klassiske julesongar, men også litt meir ukjente songar. I løpet av konserten fekk vi mellom anna høyre «O jul, med sin glede», «Det kimar no til julefest» og «Halleluja». Ikkje minst fekk vi høyre fleire songar med musikk av Henning Sommerro, blant anna «Den fattige gud» kor teksta er skrevet av Edvard Hoem. Jentekoret, som for anledninga bestod av 46 songarar, briljerte og imponerte gjennom heile konserten. Dei gjorde seg spesielt bemerka under framføringa av mektige «Halleluja». Vakkert!

Gullstrupen frå Trondheim, Astrid Nordstad, er ein av dei tidlegare songarane i Nidarosdomens jentekor. 30-åringen debuterte på Den norske opera i fjor, og blir rekna som ein av dei største talentane i landet innanfor klassisk song. Ho kjem vi heilt sikkert til å høyre mykje frå i tida framover.

Sopran Astrid Nordstad imponerte med sin stemmeprakt

O helga natt og Deilig er jorden

Fleire gong gjennom konserten kunne ein kjenne på følelsen av å bli både rørt og mållaus, og når solistane Vår Christine Sollien Skar, Selma Mogstad Leraand og Astrid Nordstad framførte «O Helga natt» like før slutt, var gåsehudfaktoren høg. For ein stemmeprakt!

Publikum vart invitert til å synge med på tre songar i løpet av konserten. Dei frammøtte tok utfordringa på strak arm, og reise seg for å synge «Å, kom nå med lovsang», «Glade jul» og sist, men ikkje minst «Deilig er jorden».

Når siste tone av «Deilig er jorden» ebbet ut, kjente nok dei fleste at julestemninga kom sigende.

Det er nesten ikkje til å tru at vi fekk oppleve noko slik i Surnadal kulturhus, og spesielt ikkje i «annleisåret» 2020. Dei 150 som hadde sikra seg billett, fekk seg ei stor konsertoppleving.

Det einaste vi sakna under konserten, var ei meir julepynta scene. For heilhetsinntrykket så hadde det kanskje gjort seg med litt levande lys?

I tillegg til Nidarosdomens jentekor, TrondheimSolistene og Astrid Nordstad deltok Maria Næss på flygel, Espen Aalberg på perkusjon, Geir Morten Øien på trompet og Magne H. Draagen på orgel.

Det er også verdt å nemne at det sit ein surnadaling i TrondheimSolistene. Kirsten Næss på bratsj er fast medlem, og som alltid var det hyggeleg å sjå ho i aksjon på heimebane.

Kirsten Næss på heimebane i Storstuå
Powered by Labrador CMS