Kommunestyremøte i Surnadal torsdag

Vil reopne Todalen barnehage dersom det blir nok søkarar

Torsdag hadde kommunestyret i Surnadal møte. Ei av sakene var vurdering av behov og kriterier for eventuell reopning av Todalen barnehage. Kommunestyret diskuterte óg kva som skal skje vidare med skulebygget i Todalen.

Publisert Sist oppdatert

Kommunestyret skulle ta stilling til behov og kriterier for eventuell reopning av Todalen barnehage på kort og mellomlang sikt. Denne saka har vore oppe i oppvekstutvalet og i formannskapet tidligare. Todalen barnehage er no stengt på grunn av få søknadar, men barnehagen er ikkje nedlagt.

Kommunedirektøren si opprinnelege innstilling var slik:

Todalen barnehage skal vere eit søknadsalternativ for barnehageåra 2022/2023 og 2023/2024, på lik linje med dei andre barnehagane i kommunen. Dersom antal søknader tilsvarer minst 12 plasser ved hovudopptaket i 2022 eller 2023, skal barnehagen reopne frå hausten det same året.

Dersom dette ikkje skjer, ber kommunestyret om at administrasjonen så raskt som muleg i 2. halvår 2023 sett i gang ein prosess om alternativ bruk av barnehagebygget, som t.d. omregulering / ombygging til kommunal utleigebolig eller ved salg til private for boligformål.

Formannskapet tok opp saka sist fredag, og kom fram til ei ny innstilling til kommunestyret.

Formannskapet si innstilling var slik:

1. Todalen barnehage skal vere eit søknadsalternativ for barnehageåra 2022/2023 og 2023/2024, på lik linje med dei andre barnehagane i kommunen. Dersom antal søknader tilsvarer minst 10 plassar ved hovudopptaket i 2022 eller 2023, skal barnehagen reopne frå hausten det same året.

2. Administrasjonen sørger for å informere innbyggarar / foreldra om tidlegare vedtak, søknadsprosess og evt. nytt vedtak som gjeld barnehagesituasjonen i Todalen.

3. Det er viktig å finne gode løysingar i samarbeid med folket i Todalen for barnehage, barnehagebygget, uteområdet og skulebygningane.

I den nye innstillinga reduserer Formannskapet grensa for reopning frå 12 til 10 barnehageplassar. Det er viktig å understreke at antal plassar ikkje er det same som antal barn. Dei yngste barna i ein barnehage tek opp to plassar.

Tove Mogstad (Sp) var først på talarstolen. For at dette skal bli ei positiv sak så er det viktig at det blir kommunisert frå kommunen at det er ein barnehage i Todalen, som blir opna om det blir nok ungar, og ho er open for å sette grensa for antal plassar enda lågare enn det formannskapet har tilrådt, sa ho. Det er foreldra som veit kva som er best for seg og barna sine, la ho til.

Jorid Johansen Årvaag (Ap) sa at ho meiner at 12 plassar er eit absolutt minimumstal for reopning. Ho fremma derfor kommunedirektøren si opprinnelige innstilling som nytt forslag.

May Irene Dønheim Hovde (H) sa at Høyre meier at ein skal sjå heilheitleg på kommunen, og at hvis todalingane vil ha barnehagen sin så må dei bruke han. Ho støtta formannskapet si innstilling med ei grense på 10 plasser.

Nils Petter Tonning (Frp) var enig i at det bør vere ein barnehage i Todalen. Han støtta óg formannskapet si innstilling.

Anett Ranes (Ap) minna om at ein er avhengig av å få faglige innspel i ei slik sak. Det opprinnelege saksframlegget er godt, og her har ein funne eit tal som er ei god løsning, meinte ho. Ho la til at det er positivt at det går over to år, slik at Todalen får ei ny moglegheit til å behalde barnehagen sin, om det ikkje blir nok søkarar i år. Ho støtta kommunedirektøren si opprinnelege innstilling.

Erik Moen (Mdg) sa at han støttar formannskapet si innstilling. Det er viktig å ha dei tilbuda som folk vil ha i heile kommunen, ikkje berre i sentrum, sa han.

Bernt Venaas (Sp) sa at Senterpartiet ikkje ønsker å sette ein endeleg sluttstrek for barnehagen i februar neste år.

Ragnar Halle (Sp) uttalte at det er skuffande at denne saka kom opp så plutselig no. Dette ber preg av ei hastesak, meinte han. Han har inntrykk av at foreldra i Todalen ikkje var klar over at de kunne søke på barnehagen i Todalen før i slutten av januar. Han meinte og at ein liten barnehage kan vere betre enn ein stor, med fleire ulike aktivitetar.

Det vart ein diskusjon om det har vore godt nok kommunisert frå kommunen at det er mogleg å søke plass i Todalen barnehage framleis.

Ordførar Margrethe Svinvik (Sp) sa at ho er sikker på at foreldra er klar over at barnehagen i Todalen ikkje er nedlagt. I tillegg blir det opplyst meir om det no, så det er sikkert at alle får det med seg før søknadsfristen. Ho har ikkje oppfatta at det har vore nokon vrang vilje i arbeidet med saka, sa ho.

Jorid Johansen Årvaag (Ap) ba om at ein ikkje undervurder dei foreldra dette gjeld. Todalen barnehage har heile tida komme opp som eit val for dei som søker barnehageplass, sa ho.

Ingrid Bergheim (Ap) sa at ho er sikker på at foreldra held seg orientert, og at dei som ønsker barnehageplass i Todalen lett kan finne fram til den informasjonen dei treng.

Formannskapet si innstilling vart vedteke med 19 mot 8 stemmer.

Neste sak på lista var vurdering av framtida til skulebygget i Todalen. Innstillinga frå kommunedirektøren vart einstemmig vedteke i formannskapet, og blir lagt fram for kommunestyret her.

Innstillinga frå formannskapet er slik:

I løpet av våren 2022 inviterer Surnadal kommune (i samarbeid med Todalen grendalag) til eit større «idemyldringsmøte» i Todalen. I dette møtet presenterer kommunen sine foreløpige planer og handlingsrom – og ikkje minst for å få enda fleire idéar og tankar om korleis ein kan utvikle den kommunale eigedommen der den tidlegare Todalen skule står i dag – til det beste for lokalsamfunn og kommune.

Dei mest aktuelle alternativa er å rive skulebygget (evt. deler av), alternativt ei totalrenovering av den eldste delen av skulebygget til boligformål – evt. i samarbeidsprosjekt med privat eigedomsutviklar.

Annett Ranes (Ap) stussa på at det står at det skal inviterast til idemyldring, samtidig som ein seier kva som er mest aktuelt å gjere med bygget. Da begrensar vi poenget med idemyldring, sa ho. Ho meinte at saka hadde stått seg betre med berre det første avsnittet, og fremma eit forslag om å fjerne den siste setningen i innstillinga.

Ragnar Halle (Sp) spurte om kva som er avtalt med grunneigarane og kva som er tinglyst i skjøtet. Kommunedirektør Knut Haugen svarte at han vil finne ut av dette og gje svar på det seinare.

Erik Moen (Mdg) sa at den gamle Todalsskulen egentlig er ein kulturstad, der skuestova er i behald. Det er viktig å sjå på det som ein ressurs, og tenkje vidareutvikling i staden for rasering. Han lufta tanken om å sjå på om nokre trinn frå skulen i Stangvik kan gå på skule i Todalen, dersom skulebygget blir for lite og alternativet er å bygge på. Det er svært viktig å få til ei idemyldring og sja på moglegheitane, sa han.

Annett Ranes sitt forslag var einstemmig vedteke.

Powered by Labrador CMS