Surnadal kommune melder:

Støtteordning til drift av uteanlegg i Surnadal kommune

For «pandemiåret 2021» vil Surnadal kommune som eit eingongstiltak utlyse ei støtteordning til drift av uteanlegg for allmennyttige folkehelsetiltak som gjer at innbyggarar i alle aldrar kjem seg ut og i aktivitet.

  • Ordninga lysast ut til lag og foreiningar i Surnadal kommune
  • Maks søkebeløp pr. lag og foreining er kr.5.000,-
  • Det er ikkje eige søknadsskjema til ordninga, men søknaden må innehalde ein omtale av tiltaket og ei kostnadsoversikt

Søknaden sendes med epost til: post@surnadal.kommune.no eller pr.brev til

Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal

Søknadsfrist er sett til 01.05.2021

Saka er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS