Surnadal kommune melder:

Opprydding etter storflommen i elva Surna med sideelver/-bekker

Det er oppretta ei arbeidsgruppe etter flommen og uveret Gyda. Målet for arbeidsgruppa er å kartlegge situasjonen og få organisert oppryddinga. I arbeidsgruppa er det representantar frå Surnadal bondelag, Surna elveierlag og Surnadal kommune.

Vi ser at det er stort behov for opprydding etter flommen/uveret i januar. Vi har også fått innspel etter flommen frå fleire, med varsel om stort behov for opprydding. Dette gjeld både rundballar, rundballeplast og anna avfall som ligg i elva og langs elva. Det er mange stader uklart kven sine rundballar og kven sitt avfall som ligg på dei ulike eigedommane. Det er derfor behov for ei felles opprydding for å sikre at dette blir gjort.

Frå 7. mars vil det derfor bli befaring langs elva Surna med sideelver/-bekker for å kartlegge omfanget av plast/rundballar/avfall/forurensing i elva og langs elva, og avklare kvar det er behov for opprydding. Kartlegginga blir utført ved bruk av snøskuter. Mest aktuelt område no er frå Røv, ved Røvsbrua, og ned til Ørabrua ved fjorden. Vi vil også få avklart situasjonen ved fjorden. Situasjonen på dyrkamark er ikkje med i kartlegginga no.

Gardbrukarane er også oppfordra om

  • å rydde/fjerne mest mogleg av plastavfall/søppel på sine eigedommar, snarast råd.
  • å lagre rundballar på trygg plass framover, etter eigne erfaringar og flomsonekartet.

Vi treng truleg ei ny vurdering/kartlegging av situasjonen når snøen er borte.

Arbeidsgruppa arbeider også med økonomien, å få finansiert arbeidet med kartlegginga og oppryddinga som eit spleiselag mellom mange aktørar.

Spørsmål eller merknader til dette kan rettast til Surnadal bondelag ved Olav Mauset, eller til kommunen ved Mona Rosvold.

Powered by Labrador CMS