Surnadal kommune melder:

Oppdatering av smittesituasjonen

11.12.2020:

Dei tiltaka som er sett i verk lokalt går som planlagt og kommunen held fram med smittesporinga. Vi håpar på fleire avklaringar i løpet av laurdag, men dette avheng av kapasiteten på testlaboratoriet.

Den pågåande smittesituasjonen er ei påminning om at vi er i ein ustabil situasjon no før jul. Vi ser smitteauke i fleire kommunar i Midt-Norge. Det er all grunn til å begrense sosiale aktivitetar som vi vanlegvis driv med på denne tida og gjere unna julehandelen i Surnadal. Dette vil redusere sjansen for at vi må sette i verk strengare tiltak i sjølve julehøgtida.

Idrettslag og frivillige organisasjonar:

Vi støttar avgjerda hos berørte idrettslag og frivillige organisasjonar om å avlyse planlagde aktivitetar frå og med i dag og gjennom helga.

Melding om midlertidig besøksstans ved sjukeheimen:

- Vi ønskjer å vere føre-vár og innfører midlertidig besøksstans inntil smittesituasjonen lokalt er avklart. Unntak blir gjort ved akutt og alvorleg sjukdom. Besøksstansen gjeld først og framst i helga, ny vurdering over helga.

Status for skulane:

Dersom smittesporinga ikkje påviser fleire smittetilfelle, vil vi kunne opne for normal drift på måndag. Alle berørte vil bli informert om status innan kl. 18.00 søndag kveld. Vi opprettheld rådet om å halde seg mest muleg i ro til da.

Takk til alle som står og testar og dei som testar seg:

Det er stor aktivitet på teststasjonen vår i dag og mange legg inn ein kjempestor innsats for så rask avklaring som muleg. Vi vil takke både dei som står ute og testar og dei som testar seg for godt samarbeid.

Eventuell endring i påviste smittetilfelle vil bli publisert fortløpande gjennom helga.

Presisering:

Vi gjekk tidlegare ut med ei formulering om at personen som har fått påvist covid-19 ikkje er tilsett i Surnadal kommune. Dette kunne misoppfattast til at personen er tilsett i ein annan kommune. Personen som har fått påvist covid-19 er busett i Surnadal og er tilsett i ei bedrift. Tiltak er iverksett også der.

Powered by Labrador CMS