Annonse frå Surnadal kommune:

Invitasjon til innbyggarmøte om Helseplattformen

Invitasjon til orienteringsmøte/folkemøte om Helseplattformen onsdag den 4. mai i Kulturhuset, Svorkasalen, kl. 18.30 – kl. 20.00.

Helseplattformen - ein journal for heile helsetenesta i Midt-Norge

16. juni skal Surnadal kommunestyre ta stilling til deltaking i forprosjekt Helseplattformen.

Kva er Helseplattformen?

Helseplattformen AS skal innføre ein felles pasientjournal for heile helsetenesta i Midt-Norge. Det innebær at kommunar, sjukehus, fastlegar og private aktørar arbeider i den samme pasientjournalløsninga. Helseplattformen skal gje auka kvalitet i pasientbehandlinga, betre pasientsikkerheit, meir brukervennlege system og dermed sette helsepersonell i stand til å utføre sine oppgåver på ein betre og mer effektiv måte. Helseplattformen AS er per i dag eigd av Helse Midt-Norge RHF og Trondheim kommune.

Meir informasjon om Helseplattformen finn du her:

Helseplattformen

Agenda for møtet:

· Ordføraren ønskjer velkommen

· Kort orientering om dagens løysingar og korleis dei fungerer.

· Helseplattformen orienterer om ny løysing og kva dette betyr. Fokus på innbyggjarperspektivet.

· Status og vidare samarbeid

· Spørsmål

Vel møtt!

Powered by Labrador CMS