Surnadal kommune melder:

Heimetenesta må stenge eller redusera fleire tilbod grunna høgt sjukefråvær

Nødvendige tiltak grunna korona-smitte i Heimetenesta

Fleire tilbod i Heimetenesta blir no stengde eller reduserte i to veker framover.

Heimetenesta har no høgt og aukande sjukefråvær grunna smitte hos tilsette og/eller barn av tilsette. Fleire får symptom og blir sjuke, noko som medfører fråvær utover dei anbefalte 4 dagane i isolasjon. Vi har også fleire pasientar med påvist smitte som no krev meir fagleg oppfølging, sjølv om ingen så langt er alvorleg sjuke.

Førre veke ringte vi til alle som hadde eit trenings-/rehabiliteringstilbod hos heimetenesta, om at det vart 14 dagar utan dette tilbodet. Dette må vi oppretthalde, og kanskje utvide med ei veke. I tillegg må vi redusere i fleire tilbod dei neste par vekene inntil vi har nok folk på jobb igjen.

Følgande tilbod blir stengde eller reduserte dei neste 14. dagane:

  • Stenger Dagtilbod for eldre frå og med i morgon, onsdag 23. februar. Dette omfattar ikkje dagtilbod for demente (Inn på tunet).
  • Reduserer tilbod om samtalar/oppfølging frå demensteam og kreftkoordinator. Ein vil prøve å ta dei mest nødvendige oppfølgingane i rolege periodar (etter lunsj).
  • Gir ikkje tilbod om heimehjelp/praktisk bistand frå og med i morgon, onsdag 23.02. Dette omfattar ikkje personleg assistanse. Der vil ein framleis utføre tenesta.
  • Tiltak gjennom heimesjukepleia vil kunne bli noko redusert. For eksempel kan det hende ein ikkje gjennomfører alle planlagde dusjingar eller andre tiltak som kan reduserast noko i dei neste vekene, utan at dette medfører fare for helsemessige konsekvensar. Endringar vil bli kommunisert direkte til den enkelte pasient.

Vi gjer ei ny kapasitetsvurdering tysdag 8. mars. Vi håpar da at vi heilt eller delvis kan opne tenestene igjen. Vi ser uansett ikkje for oss ein langvarig reduksjon i tilbodet.

Vi vil følgje anbefalte smittevernråd for i størst mogleg grad å unngå at vi tek med smitte til våre pasientar. I samråd med kommuneoverlege sett vi inn særlege tiltak rundt dei som ikkje er vaksinerte eller har større risiko for alvorleg sjukdom i vekene framover.

Vi håpar at dette i det vesentlege ikkje vil ramme pasientar eller pårørande i stor grad og ser fram til å kunne tilby tenester på vanleg vis etter at desse to vekene er over.

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS