Einingsleiar i Surnadal heimeteneste melder:

Annett Ranes, einingsleiar i Surnadal heimeteneste

Forlenga perioden av stengde og reduserte tilbod grunna korona- smitte i heimetenesta

Heimetenesta har hatt nokre av tilboda sine stengde eller redusert i 14 dagar. Vi ser det dessverre naudsynt å forlenga denne perioden med ytterlegare 14 dagar.

Vi har enda eit høgt fråvær blant dei tilsette grunna koronasmitte, på grunn av eigen sjukdom eller barns sjukdom.

Desse tilboda vil ikkje bli tilbydd dei neste 14. dagane, dvs til og med 22. mars:

  • Dagtilbod for eldre.

Dagtilbod for pasientar med demens (Inn på tunet) held ope så lenge «Inn på Tunet» tilbydarane ikkje blir smitta.

  • Heimehjelp/praktisk bistand.

Dette omfattar ikkje personleg assistanse. Til ein viss grad vil vi utføre noko praktisk bistand, men då med svært redusert tid, slik at ein rekk over det mest nødvendige hos dei som har størst behov. Sidan perioden no blir forlenga, håpar vi pårørande kan bistå sine næraste med noko hjelp.

  • Rehabiliteringstilbodet.

Ein håpar å få større moglegheit til å prioritere stadig meir av desse oppgåvane i løpet av perioden. Her vil det i så fall avtalast med den einskilde pasient.

  • Reduserer tilbod om samtalar/oppfølging frå demensteam og kreftkoordinator.

Ein håpar å få større moglegheit til å prioritere stadig meir av desse oppgåvane i løpet av perioden. Her vil det i så fall avtalast med den einskilde pasient/pårørande.

  • Tiltak gjennom heimesjukepleia vil kunne bli noko redusert.

Endringar vil bli kommunisert direkte til den einskilde pasient.

______

Ei ny vurdering bli teke tysdag 22. mars, men ein ser ikkje for seg forlenging av tiltaka etter dette.

Vi har og pasientar med påvist smitte som no krev meir tid til fagleg anbefalt oppfølging, sjølv om ingen så langt har alvorlege symptom. Vi vil følgje anbefalte smittevernråd for i størst mogleg grad å unngå at vi tek med smitte til våre pasientar.

I samråd med kommuneoverlege, sett vi inn tiltak rundt dei som ikkje er vaksinerte eller er i større risiko for alvorleg sjukdom i vekene framover. Det er gledeleg at smitte blant pasientar ikkje er stort eller aukande.

Vi håpar at dette i det vesentlege ikkje vil ramme pasienter eller pårørande i stor grad, og ser fram til å kunne tilby tenester som vanleg etter at desse vekene er over.

Informasjonen er henta frå kommunen sine heimesider.

Powered by Labrador CMS