Surnadal kommune melder:

Endring av fastlege for 300 pasientar ved Surnadal legesenter

Dette skuldast at fleire av fastlegane reduserer pasientlistene sine.

Frå 1. mars vil 300 pasientar ved Surnadal legesenter få endra fastlege. Dette skuldast at fleire av fastlegane reduserer pasientlistene sine.

Det er Helfo som føretek sjølve reduksjonen ved å gjere et tilfeldig uttrekk av pasientar. Den enkelte legen kan ikkje påverke kven av pasientane som blir trekt ut.

Staben ved Surnadal legesenter blir utvida med ein ny fastlege frå same dato, slik at dei som hadde fastlege frå før ikkje blir ståande utan.

Dei som får endra fastlege, vil få brev frå Helfo denne veka.

Kommunehelsetenesta i Surnadal kommune

Powered by Labrador CMS