Surnadal kommune melder:

Surnadal kommunevåpen

Eigedomsskatt 2021

Skattelista for eigedomsskatt i Surnadal kommune er lagt ut til offentleg ettersyn i ekspedisjonen på kommunehuset frå 01.03.2021. Den blir og lagt ut på Surnadal kommune si heimeside.

Skatten er 7 ‰ av taksten med unntak for bustader og fritidsbustader der skatten er 3,41 ‰ av berekningsgrunnlaget. Skatten for 2021 forfell til betaling saman med kommunale avgifter.

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare. Klagen skal være skriftleg og sendast: Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal eller på e-post post@surnadal.kommune.no innan 12. april 2021.

Økonomisjefen

Powered by Labrador CMS