Annonse
ANNONSE:
Barnehageopptak og søknadsfrist i Surnadal for barnehageåret 2022-2023
Vi minner om at søknadsfristen for opptak i kommunale barnehagar i Surnadal for barnehageåret 2022-2023 er 15. februar.
Her er litt informasjon til deg som skal søkje om barnehageplass:
- Du skal ikkje søkje for barn som allereie har plass, og ikkje skal endre plassen sin.
- Det nye barnehageåret startar den 15. august 2022.
- Søknadsskjema finn du her https://barnehage.visma.no/surnadal
- Tildeling av plass skjer i høve reglane i barnehagelova, kommunen sine vedtekter og forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage.
- Du vil få svar på søknaden din til hovudopptaket så snart som mogeleg etter at søknadsfristen er gått ut, og seinast innan medio mars.
- Sjekk om du har fått opptaksbrev i Digipost, Altinn eller liknande.
Du kan få hjelp til utfylling av skjemaet på servicetorget i kommunen.
Velkommen som søkjar!