Barnehagar og skular i Surnadal frå gult til grønt beredskapsnivå frå tysdag
På heimesidene til Surnadal kommune melder kommunalsjef for oppvekst, Astrid Mogstad Høivik, at barnehagar og skular i Surnadal går frå gult til grønt beredskapsnivå. Dette gjeld frå og med tysdag 1. juni.
Heile meldinga frå Surnadal kommune:
"Vi er glade for å informere om at kommuneoverlege Bjørn Buan saman med leiarane i oppvekst, i dag har vorte einige om å gå frå gult til grønt beredskapsnivå i barnehagane og skulane i Surnadal frå i morgon tysdag 01.06.21.
Dette inneber at barnehagane frå i morgon kan blande barn og tilsette frå dei ulike avdelingane, og difor innfører normal opningstid. Barnehagane startar også opp igjen med smøremåltid, noko som vil bli fakturert frå 01.06.21.
For skulane betyr grønt beredskapsnivå at ein kan blande elevar på tvers av trinn, og SFO vil difor igjen ha normal opningstid. Det blir ikkje tilbod om kantine på skulane før sommarferien.
Minner også om at vi framleis er i ein pandemi, og at dei generelle smittevernstiltaka gjeld:
- Sjuke personar skal ikkje vere i barnehagen eller skulen
- Ha god hygiene
- Reduser kontakt mellom personar der det er mogleg
Har de spørsmål om dette, kan de ta kontakt med eigen barnehage eller skule."