Surnadal kommune melder:

To personer ved et møtebord med hver sin HP‑laptop i et kontorrom.
Økonomisjef Vibeke Langli og kommunedirektør Lars Inge Kvande legg fram årsrekneskapen for 2025.

Årsrekneskapen for 2025:
kommune­økonomien er framleis under sterkt press

Årsrekneskapen for 2025 viser at kommuneøkonomien i Surnadal kommune framleis er under sterkt press. 

Resultatet er likevel noko betre enn vi kunne frykte med ein prognose som ved 2. tertial lød på ca. 20 mill. Det viser at dei omstillingsgrepa som er gjennomført i løpet av 2025 har fått ein viss effekt. Samla ligg kommunen an til eit negativt netto driftsresultat på om lag 21 millionar kroner, og eit samla udekka meirforbuk i 2025 på ca. 23 mill., då etter at mellom anna avsetningar og bruk av bundne fond er bokført. 

Kommunen er som kjent på ROBEK-lista, og 2025 har vore prega av store totale meirforbruk i fleire einingar. Samstundes vil vi understreke at mange tenesteområde har levert ein solid innsats for å halde lønnsutgiftene innanfor rammene. Det er eit viktig framsteg i ei krevjande tid.

– Kommuneøkonomien er langt frå sunn, men vi står meir stødig no i 2026 enn tidlegare, takka vere tøffe, nødvendige tiltak og stor innsats frå tilsette i alle tenesteområde, seier kommunedirektør Lars Inge Kvande.

2026 blir eit avgjerande år

2026 blir eit nøkkelår for kommunen si vidare økonomiske utvikling. Samla sett har vi no eit udekka meirforbruk på 40,7 mill. som vi i åra framover må dekkje inn. Det er behov for ytterlegare omstillingar og nedtrekk i fleire tenesteområde og jobben blir ikkje lett, men nødvendig for å oppnå ein berekraftig kommuneøkonomi. 

– På ein måte kan vi seie at 2026 blir eit Totalforsvarsår – også for kommuneøkonomien. Det betyr at alle må bidra: dei folkevalde, dei tilsette og innbyggarane våre. Vi må stå i dette saman, og vi må finne nye og smartare måtar å løyse oppgåvene på, seier Kvande.

Kommunen vil i tida framover arbeide aktivt med effektivisering, prioriteringar og nye samarbeidsformer. Samhandling med frivilligheit, næringsliv og lokalsamfunn vil vere ein sentral del av dette.

Helsehuset - ei historisk investering i ei krevjande tid

Sjølv i ei pressa økonomisk tid må vi som kommune sikre gode og trygge tenester inn i framtida. I 2026 startar bygginga av det nye Helsehuset – den største investeringa i helse- og omsorgstenestene i kommunen si historie.

– Helsehuset blir ein hjørnestein for innbyggarane våre i tiåra som kjem. Det er ei investering i tryggleik, kvalitet og framtidige løysingar. Men det forpliktar oss også til å drive meir kostnadseffektivt og berekraftig på alle område i organisasjonen, seier Kvande.

Ein invitasjon til fellesskap

Kommunedirektøren peikar på at situasjonen krev både realisme og optimisme.

– Vi er ærlege om utfordringane. Men vi skal òg vere stolte av det vi får til – og vi skal aldri gløyme at vi er ein kommune med handlekraft. Vegen framover krev innsats frå oss alle, og eg veit at vi kan klare dette saman.

Kommunen kjem til å halde fram med open kommunikasjon om status og tiltak, og inviterer innbyggarar og tilsette til aktiv medverknad når viktige val skal takast framover. Det vil no bli jobba aktivt fram til dei kommande politiske møta i april. Der det vil bli lagt fram gode grunnlag for å kunne fatte og deretter gjennomføre gode og nødvendige tiltak.

--

Saka er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Surnadal kommune sitt kommunevåpen
Powered by Labrador CMS