ANNONSE:

Romjulskino i Surnadal

Tre filmar på Surnadal kino i romjula – og desse har ein venta lenge på!

For premieren på «Kampen om Narvik» har vore sett ut fleire gongar, først grunna koronarestriksjonar, så da det vart krig i Ukraina. No er den endeleg her – filmen om det første slaget Hitler tapte i 2. verdskrig, og alle dei sivile som ufrivillig hamna oppi kampane. «Kampen om Narvik» (12 år) er ein film som ikkje skulle vore aktuell, men situasjonen i Europa viser at så ikkje er tilfelle …

«Kampen om Narvik» går tysdag, onsdag og torsdag (kl. 15) i romjula. Filmen vil også bli sett opp på dagtid i første veka på nyåret (og da med honnørbillett).

Den andre premieren er «Folk og røvere i Kardemomme by» (tillatt for alle). Det er Qvisten Animation som står attom denne versjonen, og det er same selskap som har laga animasjonsfilmane om Flåklypa og Knutsen & Ludvigsen. Og det verkar som det klaffar for dei denne gongen også. «Folk og røvere i Kardemomme by» går tysdag, onsdag og torsdag (kl. 13).

Den siste filmen som går i romjula (fredag kl. 13), er «Avatar: The Way of Water» (12 år). Mange har venta altfor lenge på denne oppfølgaren, men det verkar som om den var vel verdt å vente på …

Jake Sully in 20th Century Studios' AVATAR: THE WAY OF WATER. Photo courtesy of 20th Century Studios. ©2022 20th Century Studios. All Rights Reserved.
Powered by Labrador CMS