ANNONSE:

"Lassie kommer hjem"

Ferskvare på Surnadal kino

«Gamle hundar», som Lassie og Liam Neeson, med nye filmar – og i neste veke kjem ein skikkeleg storfilm!

«Lassie kommer hjem» skal, etter kva NRK Filmpolitiet melder, vere ein ypperleg film for hundeglade (aldersgrense 6 år), «prisverdig godt dubbet til norsk». Og vi siterer meir:

«Lassie kommer hjem» er flott filmet med solid skuespill og en familievennlig historie, og den har fremfor alt et flott midtpunkt i Lassie, spilt av den åpenbart godt trente collien Bandit.»

«The Marksman» (12-års-grense) handlar om ein rancheigar ved den amerikanske grensa mot Mexico som uventa må forsvare ein ung meksikansk gut på desperat flukt frå morderar sendt ut frå forbrytarkartella.

"The Marksman"

Eller sagt på ein anna måte: Dette er ein actionfilm med Liam Neeson. Så da veit du kva du får.

"The Marksman"

Dei skikkelege storfilmane har vorte utsett og utsett, i påvente av at samfunnet opnar meir opp. Difor er det no med stor glede kinoen melder at ein av desse blir klarert: «Wonder Woman 1984» vil kome på Surnadal kino i neste veke.

Og, heilt på tampen, om du les dette «tidsnok»: «Den største forbrytelsen» går som dagkino torsdag 11.02. Vel verdt å få med seg.

Du finn kinoprogrammet her: https://www.surnadal-kulturhus.no/

Powered by Labrador CMS