Pipelife Show and Style

Rennleiar Halvor og jentene i junior og yngre junior.

Sol og høge svev i Sæterlia

Kretsrenn i fri-ski

Publisert Sist oppdatert

Dagen kunne ikkje vore finare når Surnadal IL søndag 1o.  arrangerte Slopestyle og Big Air, to konkurransar i kretscupen Pipelife Show and Style. Mesta 60 deltakarar og mykje spent publikum var møtt i bakken søndag. Denne gongen var det deltakarar frå Surnadal, Søya, Betna, Oppdal og Freidig. Største klassen var superkids, heile 28 stk, dei  køyrer slopestyle, og kjem alle på førsteplass.

Superkidsa.

Dei rangerte klassane er kids (u12), yngre junior (u14), junior og senior. Det er flest gutar som deltek, men det var ei i jente med kids, ei i yngre junior og fire i junior. Vi heier på dei tøffe jentene.

For juniorjentene var førsteplassane delt mellom dei to representerte klubbane. Signe Roaldset Fiske (Surnadal) vann Slopestyle, medan Anna Endal Berg frå Freidig stakk av med seieren i big Air.

I guteklassane var det stor deltaking, og mykje god køyring og avanserte triks. Surnadalingane sikra seier i yngre junior og junior i slopestyle, og i klassen kids i big air. 

Lars Magnus utfordrar tyngdekrafta, og stakk av med sieren i big air. Det vart 'lokal pokal' som speakeren sa.

Det var stemning og musikk i bakken, og både renn og premieutdeling var sydd proft saman med kommentatar frå Balder Gormset, eit stort forbilde for unge friskiarar, med sine spenstige triks godt dokumentert på Instagram. 

Balder les opp plasseringane og manar til varm applaus.
Det var ikkje berre deltakarane som bidrog til stemninga. Blide tilsette ved Surnadal alpinsenter varta opp. Inne var det bakels og græt, og ute kunne du kjøpe burger.

Trollheimsporten vil gratulere alle deltakarar med flott innsats, og klubben og alpinanlegget med saumlaust arrangement. Dette kan de!!

Fleire bilde, bla med pilene (takk til alle i SIL freeski som sendte inn bilde): 

Resultat:

Powered by Labrador CMS