ANNONSE frå biblioteket i Surnadal:

Sommaren er tid for å lese – og ta ferie…

Feriestengt

Det er ikkje rom for ferievikarar, så biblioteket i Surnadal vil vere heilt stengt i tida 18.–31. juli. Biblioteket vil ha meirope tilgang, for dei med slik avtale, 1.–7. august.

Ein har tidlegare forsøkt å ha meirope ved feriestenging, men ein har støytt borti problem både med torvêr (som har skipla det tekniske utstyret) og opphoping av bøker som har gjort at dette ikkje har fungert.

Merk at utlånet i første etasje fungerer som vanleg sommaren igjennom. Her står det blad og seriebøker (avslutta seriar) som ein kan låne på sjølvbeteningsskranken (krev at ein har registrert ein PIN-kode på lånarkortet sitt).

Siste opningsdag før biblioteket feriestenger er torsdag 14. juli.

Sommarles

Sommarles-kampanjen til biblioteka er no halvvegs. Dette er ein kampanje frå alle som skal starte på skulen til hausten og til dei som gjekk ut 7. klasse i vår.

Forutan å stimulere til leselyst, skal kampanjen også bidra til at dei unge held på, og utviklar, leseferdigheitene gjennom skuleferien. Og akkurat det er særs aktuelt, da det nyleg var klaga over kor stort læringstap det er gjennom ein lang sommarferie – og at ein må bruke veker først på skuleåret for å få elevane tilbake på det nivået dei var på våren. Er ein med på Sommarles, vil ein altså venteleg gjera skulestarten lettare med omsyn til leseferdigheiter.

I Surnadal er det 150 brukarar som er påmeldt. Det utgjer 36 prosent av alle i aldersgruppa. Desse 150 har i løpet av første veka i juli lese totalt 112 000 sider. Dette er tal som ligg omtrent på snittet for fylket.

Kampanjen går fram til 1. september, men aktiviteten brukar å få ein dupp når «fellesferien» startar. Det kan også skuldast at mange har vore så flittige at dei har henta ut det som er muleg av premiar. Så, for å fyre oppunder litt ekstra, har biblioteket i Surnadal også gåvekort (på bokkjøp, sjølvsagt) som blir trekt ut til tre heldige etter at kampanjen er over.

Powered by Labrador CMS