ANNONSE:

Her er dei mest sentrale medlemmene av Rinnanbanden samla på den gamle ferjekaia på Rykkjem: Karl Dolmen (frå venstre), Henry Rinnan, Ivar Grande og Ingvar Aalberg. Biletet er henta frå boka «Rinnanbanden» av Aage G. Sivertsen.

Nytt om Rinnanbanden

Surnadal bibliotek inviterer til bokbad torsdag 20. oktober kl. 13 om den kanskje mest berykta nordmannen frå verdskrigen – og dei som følgde han.

Aage Georg Sivertsen har skrive historia om Rinnanbanden; ei samling tilsynelatande ganske vanlege nordmenn, men som vart torturistar og ansvarlege for at tusen landsmenn hamna i konsentrasjonsleirar.

Sivertsen har skrive ei bok før om Henry Oliver Rinnan og har også laga ein dokumentarfilm der både kona Klara og sonen Roar deltok.

Svein Sæter vil vere samtalepartnar under bokbadet på biblioteket og det er gratis inngang.

Arrangementet er heilt og fullt støtta av «Den kulturelle spaserstokken» – ei ordning Møre og Romsdal fylkeskommune står attom.

Powered by Labrador CMS