Quiz-laget i 10. klasse på Surnadal ungdomsskole, Leah Stavik Heggset, Jonas Hamnes Øye, Kristi Fugelsøy og Anders Nordvik Bergstad

Klassequizen i Surnadal

Torsdag kom NRK Møre og Romsdal og spela inn Klassequizen på SUBUS. –Det vart ei fin quizøkt med flinke quizarar og eit støttande publikum, seier rådgjevar Kjersti Mahle Brøske.

Publisert Sist oppdatert

46 skular i Møre og Romsdal deltek i Klassequizen. Alle quizlaga får 12 spørsmål i fire kategoriar. Dei to laga i fylket som får mest poeng skal til landsfinalen i Oslo.

Quizlaget og 10. klasse, saman med Øyvind Berge Sæbjørnsen frå NRK

Opptaket blir sendt i «God ettermiddag Møre og Romsdal» på NRK P1, 20. oktober, ca. klokka 16.30.

Powered by Labrador CMS