ANNONSE:

Frå Stikk UT!-turen «Rundt Grytå».

Innspurt på vinter-Stikk UT!

Frå Stikk UT!-turen «Rundt Grytå».

Det er berre ei veke igjen av årets Stikk UT!-vintersesong, og spørsmålet er no: Kan vi i Surnadal for første gong runde 1000 registreringar på ein vinterpost i løpet av ein sesong? I dag er det 860 registreringar på rundturen rundt Grytå, som har flest registreringar så langt, så vi er ikkje langt unna målet.

Det er for tida stor snørasfare i fjellet, men det går heldigvis likevel godt an å ta seg ein tur ut. Været er nesten alltid betre enn det ser ut innafra! Kanskje blir du turgåar nr. 1000 på vinterpost i Surnadal? Premiar ventar for turgåarane som er med på å runde det magiske talet!

Stikk UT! går fram til og med 2. påskedag, men du kan etterregistrere turar fram til 19. april.

Powered by Labrador CMS