ANNONSE:

Frivillig arbeid i kyrkja

I året 2022 skal det største lagarbeidet i Norge løftast fram, det frivillige arbeidet! Stangvik sokneråd inviterer til soknemøte der vi fokuserer på det frivillige arbeidet i kyrkja, og du er velkommen til ein interessant kveld i kyrkjelydsrommet i prestegarden torsdag 17. mars kl 18!

Der skal Torbjørn Brøske kåsere med bilde frå Sjømannskirken sitt frivillige arbeid, ein organisasjon som er kjent verda rundt for sin frivillige innsats. I tillegg skal Bjarne Nordlund fortelje om korleis dei får til det frivillige arbeidet i kyrkja i Rindal.

Torbjørn Brøske
Bjarne Nordlund

Per Arne Hyldbakk vil vise bildekavalkade frå aktivitetar og arbeid i Stangvik sokn. Årsmelding blir lagt fram, og det blir servering og loddsal! Vi skal også lufte synspunkt på det med minnelund på kyrkjegarden, noko som fleire i den seinare tida har etterspurt.

ALLE VELKOMNE!

Powered by Labrador CMS