ANNONSE:

Her er gjengen ferdig med første del – restaurering av murane.

Tur til Steinløa

Stangvik Historielag arrangerer tur til Steinløa, som ligg på Østbødalssida av Svarrafjellet, laurdag 13. august 2022. Guide blir Bjarne Holten, som har vore pådrivar for det store restaureringsarbeidet som ein dugnadsgjeng frå historielaget har utført med løa. Løa er så vidt vi veit den einaste løa bygd av stein i Surnadal kommune, og her i Steinslettet var det slått til kring 1900.

Vi møtes ved vasshuset til Surnadal kommune, der vegen til Skeisnebba hyttefelt tek av frå fylkesvegen. Oppmøte kl. 10.00. Derifrå arrangerer vi samkjøring oppover til hyttefeltet, og tek føtene fatt på stigen mot Ranessetra og vidare til Steinløa. Det er bompenger på 70 kroner opp til hyttefeltet.

Kvar enkelt tek med seg mat og drikke. Stangvik Historielag ønsker alle velkommen til tur.

Powered by Labrador CMS