Erik Kårvatn vart Norgesmeister i sprint
Det er todalen.no som skriv om at Erik Kårvatn gjekk til topps i Romsdal Randoneeklubb sit arrangement Classic Norway Hotels randoneecup på Bjorli:
Laurdag var det NM i sprint og i dag var det Norgescup. I juniorklassen U20 var det todalingen og landslagsutøvaren Erik Kårvatn, som representerer Trollheimen fjellsportklubb, som var raskast under båe løpa i juniorklassen, og kan dermed kalle seg Norgesmeister i randonee sprint!
Også Aron Rodal Haugen frå Trollheimen fjellsportklubb har delteke i dei to løpa på Bjorli i helga. Han deltok i klassen U16, og fekk også med seg to førsteplassar, men i denne klassen var det ikkje kåring av Norgesmeister.
Resultatlistene for båe dagane finn du nedanfor:
Classic Norway Hotels randoneecup 3.12.22 – NM Bjorli
Resultatliste – Classic Norway Hotels randoneecup 4.12.22 – Bjorli