Kinomagi

«Cinema Paradiso» er siste film ut i Seniorfilmklubben i år, og blir vist onsdag 14. desember kl. 12. Det er ikkje tilfeldig at akkurat denne avsluttar – for få filmopplevingar er meir magiske enn denne italienske oscarvinnaren frå 1988.

Filmen handlar om vennskapet mellom åtte år gamle Toto og den langt eldre kinomaskinisten Alfredo – og landsbyen dei bur i på Sicilia. Alfredo inviterer Toto, som lærling, inn i det magiske kinomørkeret – eit velkome avbrekk frå ein elles utfordrande kvardag

Filmen er et testament og en hyllest til kinoen som møtested, den tradisjonelle filmen før fjernsynet kom.

Har du ikkje sett denne før, bør du oppleve «Cinema Paradiso» der den skal opplevast – på kino!

Powered by Labrador CMS