Brøytebil av vegen

Ein brøytebil var uheldig i bakken ned mot Mjohølbrua i Rindal i ettermiddag. Plogen tok tak i klangen midt på vegen og drog brøytebilen over på venstre sida av vegen og ut i kanten.

Publisert Sist oppdatert
Sett frå toppen av bakken ned mot Mjohølbrua og Fv65.

Trass i den sakte brøytefarten grov bilen seg godt ut i kanten, så den er ikkje til stort hinder for trafikken som kan passere i eitt kjørefelt.

Bergingsbil var på plass etter eit par times tid.

Det er elles grunn til forsiktig kjøring no om dagen. Det er "null-føre" og glatt snøføre både for store og små bilar.

God passeringsmulegheit.
Bilredninga stengte vegen berre ei kort tid.
Powered by Labrador CMS