Håpar mange kjem på hyggekveld
Tormod er eit blandakor med fire stemmer. Dei øver på Sagatun grendahus kvar måndag klokka 19:00, Ronny Kjøsen er dirigent.
Stemninga er god på Sagatun denne måndagskvelden. Ronny viser kor god kunnskap han har som musikar, men også kor dyktig han er til å lage eit lett og humørfylt miljø på korøving.
Ronny fortel at dei skal ha konsert, eller kanskje meir ein hyggekveld, i Granheim grendahus måndag 14. november. Det blir soloinnslag, allsong, matservering og åresal, i tillegg kjem barnekoret i Rindal og opptrer.
– Håpar det er mange som kjem, smiler Ronny.
– Det nærmar seg advent, så det blir lett julemusikk. Vi skal også synge viser, og blant anna synge ein russisk nattverdssalme, seier han.
Nattverdssalmen ga Trollheimsportens utsendte tårer i augo på ein tidlegare konsert. Songen var klokkerein og formidla ei sårbarheit berre eit skikkeleg godt kor får til. Turen til Granheim er vel verd berre for denne eine songen.
– Det er plass til fleire i koret, så det er berre å komme og vera med å synge, oppfordrar Ronny Kjøsen.
...