Møre og Romsdal fylkeskommune melder:

Framleis høge søkertal til yrkesfag - nedgang i talet på søkarar på byggfag i Surnadal

Møre og Romsdal fylkeskommune skriv på sine heimesider at andelen ungdommar som søker yrkesfag framleis er høg i Møre og Romsdal. Heile 58 prosent av søkarane har søkt om plass på yrkesfaglege utdanningsprogram, ein nedgang på berre eitt prosentpoeng frå skoleåret 2021-2022.

- I Møre og Romsdal har vi eit stort behov for yrkesfaglegkompetanse i åra som kjem, derfor er eit så høgt søkartal til yrkesfag kjærkommen, seier kompetansesjef Kariann D. Flovikholm.

Studiespesialiserande er framleis det mest søkte utdanningsprogrammet, og har 966 søkarar. Dette er likevel ein nedgang på 8 prosent samanlikna med fjoråret.

Helsearbeiderfaget, industrimekaniker og yrkessjåførfaget har ein liten nedgang i søkarar i fylket. På Surnadal videregåande skule er søkartala stabile, men ein ser her ein nedgang frå året før i talet på søkarar på bygg- og anleggsteknikk.

Surnadal videregåande skule melder på sine facebooksider at tabellen som viser tala over søkarar med ungdomsrett til Surnadal vgs. (tabellen over) er noko misvisande, da elevar frå Rindal og Halsa er ein del ev "Trønderavtalen". Det vil seie at ein stor del av søkarane frå desse kommunane er førebels ikkje medrekna i det totale søkartalet med ungdomsrett.

Dette vil blir retta opp i god tid før 1. inntaket blir publisert, og søkartala til dei enkelte programområda vil dermed endra seg.

Powered by Labrador CMS