Frå Rindal til Bindal

I 2025 skal VM på ski arrangerast i Granåsen, Trondheim. I den samanhengen får kommunane i heile Trøndelag pluss Bindal i Nordland besøk frå arrangementskomitéen, og den turnéen kallar dei "Frå Rindal til Bindal."

Publisert
Arne Øvereng, økonomisjef og Ingvil Snøfugl, leder for kommunikasjon og samfunnskontakt for VM 2025 i Trondheim.

Onsdag kveld hadde Rindal besøk av Arne Øvereng, økonomisjef og Ingvil Snøfugl, leder for kommunikasjon og samfunnskontakt frå ledargruppa til Trondheim 2025.

Ingvil Snøfugl orienterte om utbygginga i Granåsen.

Det er ei stor utbygging som foregår i Granåsen framover mot dette store arrangementet. Det blir planlagt med tanke på etterbruk av anlegga, og fleire brukarar er alt på plass.

Venneforeninga ved museet har strikka både OL- og VM-gensrar. Her viser Snøfugl genseren frå 1966 og Øvereng den frå 1991.

Trondheim kommune skal for eksempel finansiere bygging av ein stor fotballhall som skal bli ferdig til VM 2025 og først brukast til mediesenter under VM.

Det skal bli kvardagsanlegg for heile Trøndelag , og dei likar å kalle det "Framtidas VM."

Området vil bli bruka til fleire store arrangement framover før VM, og i lag med Trondheim Spektrum fører det til at fleire store arrangement blir lagt til Trondheim.

Eit tiltak som har ført til stor aktivitet på skulane i heile fylket, er ein logokonkurranse. 6000 elevar har alt deltatt! Dermed veit i alle fall dei at det blir VM i Trondheim i 2025.

Forsamlinga vart så utfordra til å tenke over kva VM betyr for Rindal, og kva ønsker dei at VM 2025 skal vere.

Forsamlinga gav tommelen opp for VM 2025.

Trondheim er jo byen vår, og mange hugsar VM i 1997 både som publikum og frivillige under mesterskapet. Fleire av dei som var på møtet hadde alt meldt seg som frivillige til VM 2025.

Samlinga var på Rindal Skimuseum, og avdelingsledar Kari-Elin Bolme Løfaldli minte om at verdens første offisielle verdensmester på ski kom få Rindal. Sigurd Røen vart verdensmester under VM i Chamonix i 1937. Derfor er 2022 VM-år i Rindal Skimuseum.

Skuleelevane har vore på skimuseet og fått undervisning, så dei veit i alle fall kvar verdens første verdensmester er frå!

- Eit høgt ønske er at det står rindaling på startstreken under VM 2025 i Trondheim, var det ein som sa. Det fekk han støtte for.

Ordførar Vibeke Langli var også på møtet, og ho håpa VM 2025 ville synleggjere heile regionen både når det gjeld næringsliv og reiseliv.

Gjestane sa at dei hadde "ski-høge" ambisjonar for VM 2025. Dei satsar på å slå publikumsrekorden på 305 000 betalande tilskuarar i 1997. Det skal også bli verdens mest bærekraftige idrettsarrangement.

VM 2025 skal bli eit uforglømmeleg mesterskap som gir "Ski'spiration for Generations!"

Ingvil Snøfugl og Arne Øvereng fekk tid til å få ei orientering om Landsemskia på utstillinga av Johan Landsem.
Powered by Labrador CMS