KM Normal/SP1-cup på Hølonda

Olav Fugelsøy
Olav Fugelsøy

Gull, sølv og bronse

Det vart gull til Olav Fugelsøy, sølv til Mali Eidnes Bakken og bronse til Abel Sæterbø Raaen og Håkon Bøklepp i kretsmesterskapet/Sparebank1-cup på Hølonda i dag.

Publisert Sist oppdatert

Rennet vart arrangert i klassisk stil på Jårakjølen, Hølonda lørdag med bra lokal deltaking.

Olav Fugelsøy tok gull og Abel Sæterbø Raaen bronse i klasse Gutter 14 der det var 22 deltakarar.

Mali Eidnes Bakken (Rindalsrennet)
Mali Eidnes Bakken (Rindalsrennet)

Mali Eidnes Bakken tok sølv i kretsrennet som vart arrangert seinere samme dag, 9 sek. bak Ane Høsflot Klæbo i klasse Kvinner 18 år. Der vart Hedda Aasbø nr. 5. Klassen hadde 8 deltakarar.

Håkon Bøklepp tok bronse i klasse Gutter 14 med 12 deltakarar.

I klasse Gutter 13 vart Vegard Aasbø nr. 14. Det var 20 deltakarar i klassen.

Hanna Aasbø tok 5.-plassen i klasse Jenter 15. (6 deltakere).

Håvard Hyldbakk Solvik vart nr. 9 i klasse Menn 18, der det var 13 som starta.

I Kretsrennet gikk Eril Løfald inn til 8.-plass og Njaal L.Aakvik til 11.plass i Herrer 19/20(15 deltakere). Jøri Vatten starta i Kvinner 19/20, men måtte dessverre bryte.

Resultatliste