Trått i serieopninga

Heimelaget Rindal fekk fredag kveld besøk av Flatås i seriepremieren i mennenes 5. div. Ei knallfin grasmatte på Rinnvollen, la forholda til rette for god fotball. Dessverre evna ikkje heimelaget å laga ei festframsyning.

Publisert

Det opna imidlertid bra for heimelaget, for i dei ti første minutta såg det ut til at dette kunne bli ein fin kveld for dei raude og kvite. Men tempoet, presisjon og innsats minka meir og meir utover omgangen og etter ca tjue minutts spel satt ballen i nota bak rindalskeeper Anders Grytbakk. Ein stuss landa bak forsvarsfireren i rindalsforsvaret og spissen til Flatås fekk ein enkel jobb med å setje ballen i nota. 0 – 1.

Etter dette heva heimelaget seg noko og kom til fleire halvsjansar og etter vel halvtimen fekk heimelaget eit korrekt idømt straffespark etter at Jørgen Gjerstad vart felt. Roy Bolme sette kula kontant i nettet frå straffemerket. 1 – 1! Det vart òg pauseresultatet.

Sondre Aune

2. omgangen starta med eit klart overtak til heimelaget. Det var fleire gode forsøk frå blant andre Roy Bolme, Jarl Oskar Myklegard og Torstein Heggem utan at det gav gjeldande resultat. I det 87. minuttet kom Jørgen Gjerstad til ein kjempesjanse, men frå kort hald sette han ballen over. Og ufortent nok, klarte gjestane frå Trondheim å få inn seiersmålet på tampen av kampen. Ein såkalla tellefeil i rindalsforsvaret, gjorde at spissen til Flatås fekk stå heilt åleine og enkelt setje ballen i mål.

Roy Bolme set straffen i mål

Dette er ein kamp heimelaget må gløyme så fort som muleg, for dette var ei svak forestilling, med for mange feilpasningar og slurv, for Flatås er eit lag dei raudkvite skal hamle opp med!

Med positivt forteikn kan det nevnas at Jarl Oskar Myklegard spelte ein bra kamp. Positiv var òg unge Scott Skjølsvold-Aasen på venstrebacken.

Vi får tru at trenar Lars Ole Heggem får skikk på laget før neste kamp!

Rindal IL – Flatås 1 – 2

Målscorer Rindal: Roy Bolme på straffe

Rindals lag:

Anders Grytbakk, Håkon S. Mikkelsen, Sondre Aune, Jørgen Gjerstad, Steinar Møller, Torstein Heggem, Daniel Hagen Eide, Harald Røen, Scott Aasen, Jarl Oscar Myklegard,Roy Bolme

Benytta innbyttarar: Steinar B. Heggset, Jostein Landsem, Eirik Solem, Lars A. Møkkelgård, Sander L. Kattem og Brage Storholt

Powered by Labrador CMS