Snøskuterens Dag

Polaris-ambassadøren på Svalbard

Snøskuter framfor bil

For Mia Slettås (over) er snøskuter viktigare enn bil, for på Svalbard er vegnettet begrensa. Dei andre som besøkte Polaris Nordmøre og RBL - Landbrukssenteret i Rindal var nok meir ute etter utstyr til arbeid, eller til fritid.

Snøskuterens dag vart markert både på Polaris Nordmøre og RBL - Landbrukssenteret i Rindal med stor oppslutning lørdag.

Polaris Nordmøre

På Polaris Nordmøre møtte vi mellom alle dei besøkande, fannremsjenta Mia Slettås (toppbildet), som er Polaris-ambassadør på Svalbard. Der jobbar ho som mekaniker i den siste kolgruva.

"Solgt"-lappane fortel om ein velluka dag!

Arild Elshaug var svært godt fornøgd med besøket denne lørdagen. Dei hadde alt seld fleire snøskutarar. Han minte også om at 27. november kan Polaris Nordmøre feire 20-årsjubileum. Polaris Nordmøre har hovedkontor her i grenseland mellom Rindal og Surnadal, og Trøndelag og Møre og Romsdal, og ei avdeling på Berkåk i Rennebu. Enda ei ny avdeling er på trappene.

Andreas, Magnus, Ola, Oliver S.E., Christian og Oliver K. ventar på snøføret, og enkelte av dei vil kunne kjøre skuter på eigen grunn...
Godt med pølse med lompe mellom alle kraftige inntrykka.

RBL - Landbrukssenteret i Rindal

På RBL i Rindal var det også svært folksamt i dei nye lokala.

Jon Moen på ei kraftmaskin!

- Det vart eit stort framskritt for oss å komme opp til vegen, seier dagleg leiar Jon Moen på RBL. - Det var kundar som stoppa her i dag fordi dei såg alle bilane utafor. Dei kom innom, og dei handla.

Kjørety både på belter og hjul stod opplina utafor RBL.
Inne i dei store, romslege nye lokala rusla folk omkring, og praten gjekk lett i smågrupper.
Powered by Labrador CMS