Åsskard langfredag

Prosjekt 17 framfører klassisk kyrkjemusikk av Wennerberg, Mendelssohn, Elgar og Handel og fører an I allsong, tablå og tekstlesing.

Heile påska på ein kveld

Når Åsskard kyrkje inviterer til Påskesongmesse langfredag kl. 19.30, er programmet ei temavandring i tekst og tonar gjennom heile påskehøgtida. Kor, prest, instrument og rolleaktørar formidlar heilskapen.

Publisert

Overskrifta her er vel litt ambisiøs: Kvar helgedag har jo sitt særpreg med viktige element frå det to tusen år gamle dramaet som har forma vår vestlege kultur. Palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og dei to påskedagane har eigne gudstenester med sine tekster, salmar og musikk.

I ei kyrkje full av påskekunst har «gammelorganist» Bernt Bøe henta fram påskemusikk av Elgar (biletet på notebrettet), Wennerberg (Davids Psalmer) og ikkje minst Handel – som han gjerne løftar fram!
Soknerådet, her ved Randi Bøe og Eva Svendsen, spanderer kveldsmat. Påskebiletet på veggen i Kyrkjestua vart måla til dette rommet i 1961 av Kalla Skrøvseth.

Men landsens kyrkjer har ikkje ressursar til messe på alle desse dagane. Medan dei såkalla hovudkyrkjene kvart år feirar høgtidsdagen, har soknekyrkjene måtta «nøye seg» med anten skjærtorsdag eller langfredag. Altså har ein med rette sukka: - Vi får jo aldri synge «Påskemorgen slukker sorgen»!

Konsert-messe

Kor og kyrkjemusikarar har bøtt på dette med påskekonsertar før sjølve høgtida. Da har mykje rik pasjons- og påskemusikk vore bruka, frå viser og folketonar til utdrag frå større klassiske verk.

Gradvis fekk konsertane preg av tema-vandring i tekster og tonar frå palmesøndag til påskedag. Dei siste 20 åra har ein såleis i Åsskard gjort kveldskonsert og gudsteneste til eitt under etiketten «Påskesongmesse». Mange set pris på dette tilbodet, og besøket har kvart år vore godt.

Ei slik blir feira denne langfredagskvelden. Hovudaktørar er koret Prosjekt 17, presten Cathrine Grutle, organist Bernt Bøe og tre profesjonelle musikarar: Ebba Ringmar (obo), Synnøve Hammervold (fiolin) og Zhala Aliyeva (cello). Turid Røen Kroknes syng solo, og eit ti-tal kormedlemmar har roller i delvis sceniske framstillingar av tekster og song.

Zhala, Ebba og Synnøve spelar Handel, folketonar og orkestersatsar til koret.

Raud tråd

Kvar av høgtidsdagane har sin bolk. Koret intonerer palmesøndagen med eit hymnisk anglikansk «Hosianna» og med svenske Wennerbergs Salme 24 «Görer portarne höga». «Ave verum» (Heil deg, Herrens sanne lekam) av Elgar og spiritualen «Were You There» rammar inn rollelesinga av langfredagens «Jesu Sju Ord på Korset». Finalen er «Deg være ære» i Handel sin originalversjon.

Kor og instrument legg nye stemmer til salmesongen og gjer såleis forsamlinga til medaktør. Ebba, Synnøve og Zhala spelar også instrumentale trio-stykke tilpassa kveldens raude tråd. Dei opnar med «Air» av Handel og avsluttar med Marsj og Kor av same komponist.

Lokale tonar

Framfor den talande altartavla med Jesus i Getsemane høver det fint med folketonen «O tænk dig hin Skjærtorsdags Nat» (seinare kalla «Ak, mon min Vei») etter Johan Aasgaard som her hadde si barndoms kyrkje. Påskedag blir innleia med at trioen spelar Halsa-tonen «Som den gylne sol frembryter». Dei har også orkestersatsar i lag med koret.

Felles kveldsmat

Soknerådet samlar alle til felles kveldsmat i Kyrkjestua etter messa.

Også bordsetet kan bidra til ei fin oppleving for den som vil kombinere ferie og påskesol med kyrkjebesøk der ein får med seg «heile påska» på ein kveld!

Cathrine Grutle er prest og gir m.a. stemme til Jesu ord på korset.
Korpartiet med altartavla i Åsskard kyrkje fortel også påskehistorie
Powered by Labrador CMS