Mennesker sitter og står på rekker med salmebøker åpnet foran seg og synger
Koret Prosjekt 17 legg onsdagens øving til Stangvik kyrkje og blir med på «Påskevandring»

Påskevandring i Stangvik Kyrkje

«SE VI GÅR OPP TIL JERUSALEM»

Slik står det i ein av salmane for fastetida, salme 117 i Norsk salmebok.

Den store høgtida påske står for døra, og det blir markert i Stangvik kyrkje onsdag 29. mars kl 19.

ANNONSE:

Påskevandring i Stangvik kyrkje onsdag 29. mars klokken 19.00.
Alle er velkomne!

Då får vi vere med på påskevandring, i ord og tonar, som startar med inntoget i Jerusalem, der Jesus rir på eit esel og folk kastar palmegreiner framføre han.

Koret prosjekt 17 og tekstlesarar tek oss gjennom hendingane frå palmesøndag til påskedag, med bibeltekster og ein liten korkonsert med påskeaktuelt stoff som del av programmet.

Torbjørn Brøske held andakt.

Det blir allsong, der vi kan syngje med i «Dine hender er fulle av blomster», «Den stunda i Getsemane» og «Deg være ære».

Det blir høve til å gje ei gåve til kyrkjemusikalsk arbeid, og kvelden blir avslutta med kveldsmat i prestegarden.

Stangvik sokneråd ønskjer alle velkomne til givande påskevandring!

En mann sitter foran et piano med noter på og viser fram et bilde av en komponist.
Fungerande organist Bernt Bøe lovar påskesalmar, sprituals og musikk av Handel og Mendelssohn i Stangvik onsdag kveld
Powered by Labrador CMS