Møre og Romsdal fylkeskommune melder:

En eventuell streik vil ramme busstilbodet i fylket

Fare for streik i transportsektoren frå søndag

Viss partane ikkje kjem til einigheit, kan tilsette i transportsektoren bli tatt ut i streik frå søndag 11. april. Slik vil buss- og ferjetilbodet i Møre og Romsdal blir ramma:

All ordinær busstrafikk innstilt, bortsett frå i området Rauma, Vestnes og Skåla

Alle ordinære bussavgangar blir innstilt i dei fleste områda i fylket. Unntaket er Rauma, Vestnes og Skåla der bussane blir køyrt av Veøy Buss som ikkje blir tatt ut i streik.

Desse busslinjene vil køyre som normalt: 245, 247, 420, 423, 424, 428, 429, 482, 483, 487.

Skoleskyss

Skoleskyss blir ramma i dei områda der det er streik. Kommunane vil få direkte informasjon om kva som gjeld for deira område.

Individuelt tilrettelagt transport

FRAM forventar at individuelt tilrettelagt transport går som normalt sjølv om det blir streik. Skolane vil få informasjon om eventuelle endringar i denne transporten.

Ferjetrafikken vil bli ramma

Enkelte av ferjene i nokre av sambanda vil bli tatt ut som følgje av streiken:

  • Halsa – Kanestraum: alle avgangar med C-ferja blir innstilt
  • Hareid – Sulesund: alle avgangar med C-ferja blir innstilt
  • Seivika – Tømmervåg: alle avgangar med B-ferja blir innstilt
  • Magerholm – Sykkylven: alle avgangar med B-ferja blir innstilt
  • Molde – Vestnes: alle avgangar med B ferja blir innstilt
  • Solevågen – Festøya: alle avgangar med C-ferja blir innstilt

Hurtigbåtane blir ikkje ramma

Ingen av hurtigbåtane i Møre og Romsdal vil bli ramma av streiken, så dei vil gå som normalt. Også Kystekspressen mellom Kristiansund og Trondheim vil gå som normalt.

Powered by Labrador CMS