5. -7. klasse på Mo oppvekstsenter vart fylkesvinnerar i Beintøff-konkurransen

Beintøff gjeng

Elevane i 5.- 7. klasse på Mo oppvekstsenter har delteke i Beintøft- aksjonen. Målet for aksjonen er at dei i staden for å sitte på privatbil til skulen, tar buss, går eller syklar. Mo oppvekstsenter vart fylkesvinnerar og feira torsdag med saft og kake.

Publisert

I tillegg til fokus på kollektivtrafikk, har elevane hatt miljø- og berekraftprosjekt.

Ola Ragnar Gjøra på Mo oppvekstsenter fortel at elevane har vore på omvising hos ReMidt i Surnadal. Der lærte dei om kjeldesortering.

Dei har også vore hos lokalbedrifta "Bians honning", og fått sjå og høyre om korleis dei produserer honning. Seinare i haust har dei planer om å besøke Trollheim kraftverk og lære om produksjon av rein energi.

Kontaktlærar Ola Ragnar Gjøra serverer saft og kake

Fylkesvinnarane vann 5000 kroner. Torsdag vart sigeren feira med kake på klasserommet.

Powered by Labrador CMS