LESERINNLEGG:

Jenny Klinge

Tingrettane skal tilbake i Kristiansund, Molde og Volda

"Fordi vi i Senterpartiet vil styrke domstolane, vil vi sørge for sjølvstendige tingrettar og jordskifterettar med stadleg leiing på alle stadene som hadde det fram til årsskiftet: I Ålesund, Molde, Volda, Kristiansund for tingrettane sin del og i Surnadal, Molde og Ørsta for jordskifterettane sin del.", skriv Jenny Klinge i dette lesarinnlegget.

Publisert

Fram til nyleg var det fire sjølvstendige tingrettar i Møre og Romsdal. Regjeringa og Frp har sørga for at desse fire vart til ein no i vår. Dette er nye Møre og Romsdal tingrett med utgangspunkt i Ålesund. Tidlegare domstolleiar i Ålesund er ny leiar for ein domstol som no dekker heile fylket.

Vi i Senterpartiet kjempa mot dette og har ikkje tenkt å gi oss sjølv om samanslåingane allereie har skjedd. Vi vil gjenopprette alle tingrettane og jordskifterettane i Møre og Romsdal og i resten av landet, fordi ein desentralisert domstolstruktur har skapt domstolar her til lands som er blant verdas aller beste. Vi trur på tenester nær folk, og det gjeld også for rettstenester.

Regjeringspartia og Frp har klart å få diskusjonen til å handle om ordbruk og definisjonen av ein domstol. Dei påstår at ingen domstolar eller tingrettar er borte, fordi det enno er mogleg å gjennomføre rettssaker i Kristiansund, Molde og Volda. Men på nettstaden til dei norske domstolane, www.domstol.no, står det enkelt forklart: «Fra og med 26. april er antallet tingretter redusert fra 60 til 23. Det skal imidlertid fortsatt være rettssteder hvor det til nå har vært domstoler.»

Når 60 har vorte til 23 på landsplan og fire domstolar har vorte til ein i Møre og Romsdal, er det jo ikkje like mange domstolar att. Men ja, filialar i form av rettstader er det like mange av - enn så lenge.

Fordi vi i Senterpartiet vil styrke domstolane, vil vi sørge for sjølvstendige tingrettar og jordskifterettar med stadleg leiing på alle stadene som hadde det fram til årsskiftet: I Ålesund, Molde, Volda, Kristiansund for tingrettane sin del og i Surnadal, Molde og Ørsta for jordskifterettane sin del.

Slik eg ser det, bør det vera mogleg å la alle dei domstolleiarane som hadde jobben ein på desse stadene fram til reforma få jobben tilbake straks dei rettskretsane som dei hadde leiarfunksjonen for blir gjenoppretta.

Det er viktig å merke seg at regjeringa og ikkje minst Domstoladministrasjonen ikkje berre ønskte å degradere mange av domstolane til rettsstader gjennom domstolreforma. Dei ville opprinneleg legge ned dei fleste heilt med ein gong. Dette vart for vanskeleg for dei i første runde på grunn av sterk mobilisering frå tilsette i domstolane, frå kommunar, advokatar, næringslivet og frå oss i Senterpartiet. Men dei vil sjølvsagt enno legge ned fleire om dei får sjansen gjennom ein ny periode i regjeringsposisjon.

Det er såleis all grunn til å forvente press på dei rettsstadene som inntil nyleg var sjølvstendige domstolar. Desse kan få færre tilsette, få dårleg tilgang på nødvendige investeringar for framtida og dei tilsette må kanskje reise mykje meir enn før.

Senterpartiets løysing er å gjenopprette både dei 60 tingrettane og dei 34 jordskifterettane om vi kjem i regjering til hausten, og dette er Ap einige med oss i. Eit regjeringsskifte vil såleis innebera å sikre ei vidare framtid for det som til nyleg har vore sjølvstendige domstolar i Møre og Romsdal.

Powered by Labrador CMS