LESERINNLEGG:

Øystein Folden.

Straum og sparing

Publisert

Det kostar å bruke straum no om dagen. Politikarane kappast om å gjere noko med det. Men kva er det eigentlege problemet, og kva er det som er gode løysingar?

For forbrukaren er det mest om å gjere at ein får varma opp huset, vaska kleda, har lys i lampa og får koka kaffien. Resultatet her er avhengig av kva ein får ut av kilowattimane. Viss ein kan få til same resultatet med halve forbruket, så gjer det ikkje noko om straumen blir dobbel så dyr.

For den som bur i eit kaldt hus vil det vere to løysingar på dette. Ein kan få milde gåver nokon stad i frå, så ein får betalt straumrekninga. Eller ein kan få milde gåver slik at huset blir betre isolert. I båe tilfella vil ein ha det like varmt og betale like mykje.

Forskjellen på løysingane ser ein månaden eller året etter, når det kjem ei ny straumrekning. Den som har fått eit varmare hus vil få ei snillare rekning, den som fekk hjelp til å betale den dyre rekninga får ei ny, dyr rekning.

Sidan straum kan nyttast til så mykje, vil samfunnet vårt ha ein stor fordel om vi nytter straumen best mogleg. For samfunnet ligg det vinstar på fleire område viss forbruket av straum minkar. Tilskot som fører til mindre straumforbruk er difor betre enn tilskot til å betale straumrekninga.

For naturen er det bra om ein får til å bruke mindre straum og mindre energi i det heile, for ny produksjon av straum og energi er aldri utan skade for naturen. Sjølv om alle veit at det går an å få varme i alle hus viss det blir bygd vindturbinar på alle fjell og staten betalar rekninga, så er det ikkje der løysinga er.

At straumen kostar meir enn på ei god stund må vi truleg rekne med vil vere det normale i åra som kjem. Difor bør vi nytte sjansen no til å rulle ut tiltak som får forbruket ned på ein god måte. Samtidig er det bra om storsamfunnet får til å hjelpe dei som ikkje passer heilt inn i skjemaet, så alle får den hjelpa dei treng. Politikarane har nøkkelen til løysinga.

Powered by Labrador CMS