LESERINNLEGG:

Johs. J. Vaag

Ny helse- og omsorgspan i Surnadal

Kommunestyret i Surnadal vedtok ny helse- og omsorgsplan på sitt siste møte 18. mars. Mitt inntrykk er at det er lagt ned eit svært solid planarbeid. Noko mange av kommunestyrerepresentantane ga klårt uttrykk for i ordskiftet. Det kom inn mange gode innspel i høyringsprosessen. Frivillige lag og organisasjonar har vore aktivt med og gode forslag og presiseringar har kome fram. For eigen del var eg med og behandla denne plana heile to gonger både i hovudutvalet for helse og omsorg og i eldrerådet. Engasjementet i begge desse fora var stor, slik eg oppfatta det.

Mange av intensjonane i kvalitetsreforma «Leve hele livet» er kome med i plana. Og bra er det! For denne reforma famnar vidt og breitt når det gjeld dei eldre sin situasjon.

Pleie- og omsorg for dei eldste eldre vil bli ei viktig oppgåve i Surnadal i åra frametter. Framskrivingstal frå Statistisk Sentralbyrå viser stor auke i talet på innbyggjarar over 80 år. Det er få kommunar i Møre og Romsdal som kan vise til større auke i denne samanhengen. I ein slik situasjon er det viktig at kommunen har nok sjukeheimsplassar. Eldre i høg alder opplever i større grad å bli demente. Mange av desse vil etter kvart trenge å få ein sjukeheimsplass. Derfor må ikkje fleire sjukeheimsplassar leggast ned i Surnadal! Pårørande sin situasjon må og takast på høgste alvor.

Ikkje alle som ønskjer det og som søkjer om å bli tildelt sjukeheimsplass får søknaden sin imøtekomen. Ved avslag på søknad om sjukeheimsplass kjem ein ikkje på venteliste. Det er viktig at terskelen for å få ein sjukeheimsplass ikkje er for høg.

Det er svært så positivt at vi no får 17 nye tidsmessige omsorgsbustader like ved Surnadal sjukeheim. Bustadane skal etter planen vere innflyttingsklare i november månad dette året. Men ein omsorgsbustad kan ikkje erstatte ein sjukeheimsplass. Dette må ein ha klart for seg.

Avslutningsvis vil eg gi stor ros til alle som jobbar innan helse- og omsorgstenestene i Surnadal for gjennomgåande framifrå arbeid. Ikkje minst i desse koronatider. Stor takk til alle.

Johs. J. Vaag

Powered by Labrador CMS