LESERINNLEGG:

Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Ikkje nødvendig med den rake vegen til undergangen

Publisert

Ny transportplan (NTP) skal vedtakast i Stortinget med det første. Kreative politikararar har i lengre tid prøvd å innbille kvarmann at rette veger er den sanne lukka. For ei mistyding.

Det finst altså nokon som meiner det er ein stor fordel å kunne køyre ein liten time raskare mellom Molde og Ålesund. Dei fleste må truleg bruke meir enn den tida ein sparar for å tene pengane til bommen. Kva er då poenget med å øydelegge masse natur i tillegg?

Eller ein kan gjere som no, bruke litt lenger tid og spandere på seg ein kaffikopp medan skipperen køyrer ein del av ruta.

Til hausten har vi alle ein røystesetel som vi kan påverke med. Dei som vil på Stortinget til hausten bør vite at klimaet og det biologiske mangfaldet er vesentleg viktigare enn enorme anlegg og lange hol til undergangen.

Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS