LESERINNLEGG:
Er tenester nær folk umoderne?
Senterpartiets mål er å ta vare på og utvikle tenester nær folk i heile landet. Politikarar frå H, V, Krf og Frp advarer mot at vi går baklengs inn i framtida. Slik vil dei skremme folk frå å stemme på oss.
Vi er visst mot modernisering og vil øydelegge alt godt dei har bygd opp. Men det er verre om regjeringspartia og Frp får halde fram med massiv sentralisering i fire nye år.
Dersom målet er å ta heile landet i bruk og gi folk sjanse til å bu og drive næring der dei vil, er det bra at det finst eit parti som vil arbeide for verdiskaping og velferd i heile landet. Vi i Senterpartiet veit at det er mogleg å modernisere og utvikle nytt utan stadig å sentralisere.
Vi veit at det er feil å spara offentlege utgifter ved å skape større avstandar som innbyggarar og næringsliv må ta kostnaden med. Det er dårleg samfunnsøkonomi og legg ikkje til rette for utvikling. Eit døme er den såkalla nærpolitireforma. Der stod Senterpartiet mot stortingsfleirtalet, som gjekk inn for å legge ned over 120 lensmannskontor.
Regjeringa har sidan ikkje klart å få ein einaste ekstra politipatrulje på norske vegar som erstatning for desse kontora. Men politiet har vorte så mykje fjernare mange stader at brann- og redningstenesta i kommunane stadig oftare rykker ut på politioppdrag. Slik sparer politiet pengar på at beredskapen er dårlegare og på at andre tek kostnaden.
No nærmar stortingsvalet seg. Lovprisingane av sentraliseringa er påfallande sterk frå dei nemnte fire partia. Dei er ansvarlege for massiv sentralisering av til dømes politi, domstolar, kommunar og fylke. Dei smykkar seg gjerne med ord som modernisering, spesialisering, effektivisering osb. Men fancy ord gjer ikkje resultatet av reformene deira noko betre.
Førstekandidaten til Venstre i Møre og Romsdal, Lena Landsverk Sande, er blant dei som hyllar sentraliseringa. I innlegget «Var verkeleg alt betre før?» viser ho kor lite Venstre har lytta til den sterke motstanden som faktisk har vore mot domstolreforma, der 60 tingrettar har vorte til 23.
No er det att berre ein tingrett i Møre og Romsdal, i Ålesund, etter at tingrettane i Kristiansund, Molde og Volda vart nedlagte i vår. Vi i Senterpartiet vil reversere domstolreforma. Det er ikkje for å gå tilbake til ei mørk fortid, som Sande framstiller det som. Dette er snakk om domstolar som eksisterte tidlegare i år, altså no i 2021.
Desse domstolane klarte å bli blant verdas aller beste – medan dei var 60 i heile landet og fire i Møre og Romsdal. Det er svært enkelt å gjenopprette desse domstolane og konstituere dei lokale domstolleiarane igjen, fordi dei tilsette enn så lenge arbeider på same stad som før.
Vi i Senterpartiet vil forkaste det som er gale og ta med vidare det som er bra. Vi vil opprette nye lensmannskontor og sørge for å styrke dei som vart att etter politireforma. Vi vil altså ha meir nærpoliti og sikre lokale domstolar for framtida. Vi vil sikre kommunane og fylka økonomi til mellom anna å drive gode skular og ruste opp vegar.
Det er ikkje noko bakstreversk ved dette, for tenester nær folk er ikkje umoderne.