LESARINNLEGG:

Johs. J. Vaag

Er det nok sjukeheims­plassar i Surnadal?

Publisert

Den 1. november var det for første gong ein million norske kvinner og menn som mottok alderspensjon frå NAV. Dei siste ti åra har veksten vore nær 300.000 personar. Dette tilsvarar ein auke på drøyt 40 prosent. Det vil seie at kvar sjette nordmann er pensjonist. Kjelde: NTB.

For Surnadal sin del viser Statistisk Sentralbyrå sine framskrivingstal ein stor auke av personar over 80 år i åra fram mot 2030. Auken, som for lengst har starta opp, er betydeleg større enn landsgjennomsnittet. Det er få kommunar i Møre og Romsdal som kan vise til større forventa vekst mellom dei eldste eldre. Kostra-data (statistikk) viser at Surnadal kommune har utgifter til pleie- og omsorgstenester som ikkje er spesielt høge i forhold til landsgjennomsnittet.

Eg har skreve det før, og eg gjentek det her: I ein slik situasjon, som er omtala over, bør ein vere særs varsam med å legge ned sjukeheimsplassar. For slike plassar trengs! Så avgjort! Med aukande alder blir det eit større innslag av demente mellom oss. Om lag 60-80 prosent av alle bebuarane ved våre sjukeheimar er demente. Dette seier sitt. Det er og begrensa kva ein kan vente av innsats frå pårørande til sterkt omsorgstrengande demente eldre. Blir oppgåva for krevjande kan dei pårørande slite seg fullstendig ut.

Torsdag 4. november hadde kommunestyret i Surnadal møte. Den saka som tok mest tid var behandlinga av Bustadpolitisk plan 2020 – 2024. På side 12 i forslaget til handlingsplan heiter det mellom anna: «Slik situasjonen ser ut no vil det vere meir aktuelt å satse på vidare utbygging av omsorgsboligar, enn å byggje fleire sjukeheimsplassar.»

På spørsmål frå dei folkevalde opplyste kommunalsjefen for helse- og omsorg at Surnadal kommune sine utgifter til gebyr vedkomande ferdigbehandla pasientar som blir liggjande på sjukehus i påvente av å få eit høveleg tilbod i heimekommunen Surnadal pr. 4 november var fakturert til 836.000 kroner. Det blei vidare opplyst at ein rekna med at dette beløpet kom til å bikke over 1. million kroner før året 2021 var omme. Liggedøgnsprisen er da på 5.167 kroner. Her talar vi altså om utskrivingsklare pasientar på vent.

Partikollega Nils Petter Tonning og underskrivne fremma eit forslag om eit tillegg til overnemnde siterte plantekst. Forslaget hadde følgjande ordlyd: «Rådande situasjon tilseier at det alvorleg bør vurderast å ta i bruk nedlagde sjukeheimsplassar snarast råd. Viser i den samanhengen til at det for budsjettåret 2021 ligg an til å bruke om lag 1. mill. kr. til gebyr vedkomande ferdigbehandla sjukehuspasientar som ikkje har fått noko behandlingstilbod i Surnadal.»

Ved voteringa i kommunestyret røysta 8 kommunestyrerepresentantar for forslaget medan 19 stemte i mot. Dermed fall forslaget om å vurdere og ta i bruk nedlagde sjukeheimsplassar. Eit trist vedtak, etter mitt syn.

Det er grunn til sterkt å understreke at omsorgsbustader ikkje kan erstatte sjukeheimsplassar. Derfor burde det i dagens situasjon vore arbeidd aktivt for å ta nedlagde sjukeheimsplassar i bruk igjen. Dette har no fleirtalet i kommunestyret sett ein stoppar for. Slik er stoda.

Som eg har peika på tidlegare er det verdt å merke seg at regelverket er slik at får ein person avslag på søknad om sjukeheimsplass kjem ikkje søkjaren på venteliste, men må søke på nytt. Derfor er det så viktig at terskelen for å få sjukeheimsplass ikkje må bli for høg.

Mitt hjartesukk til slutt: Tilboda til dei mest omsorgskrevjande eldste eldre må ikkje bli ein salderingspost ved årets budsjettbehandling!

Eit gledeleg trekk er at dei tilsette innan pleie- og omsorgstenestene i Surnadal gjennomgåande utfører ein framifrå jobb. Stor takk for innsatsen!

Johs. J. Vaag

Powered by Labrador CMS