LESERINNLEGG:

Arkivfoto

Ei skattkiste

På opningsmøtet av kyrkjejubileet for Ranes og Øye kyrkjer på Kallastua 15. juni vart jubileumsskriftet av Bernt Bøe presentert.

Gratulerer til Ranes og Øye sokn og til Bernt Bøe.

Dette er ei skattkiste, som eg tenkjer er utan like i denne samanhengen. Det er ikkje berre eit jubileumshefte, men ei innbunde praktbok på over 170 sider, kvar side med illustrerande fargebilete, med kommentar i omlag 25 interessante artiklar.

Bernt har gjort det geniale at historier til to lokale kyrkjer har vorte kyrkjehistorie for heile «Stor- Stangvikgjeldet», ja, nasjonal kyrkjehistorie, t.d stykket «Dei første hundreåra». Og ikkje berre det, men ei vid skildring av det indre kyrkjelege liv som går langt ut over dei to kyrkjehusa, ja, like til verdas ende. «Dåp og misjon er to sider av same sak,» seier Bernt, og viser til dåps- og misjonspåbodet.

Spesielt den store og omfattande artikkelen «Arven etter Hauge» viser alt kyrkjeleg liv i vid forstand, undertittelen er «Misjon, bedehus og søndagsskule», ja , til og med kyrkjekunst i mange bilete med omtale og i stykket «Kulturhuset Kallastua».

Men sjølvsagt er det stor fokus på det som dei fleste reknar som kyrkjas arbeid, gudstenester, trusopplæring, diakoni, musikkliv, gravferd og sakramentforvaltning, og til og med kyrkjeordningar og kyrkjesymbol. Og stor omtale av mange kategoriar av kyrkjas tenester, ikkje minst av alle prestar som har hatt sitt kall her.

Alt dette er heilt genialt gjort, Bernt! Vi som er heime i alle kyrkjehus og på bedehuset set stor pris på ei så allsidig og djuptgripande jubileumsbok. Somme av oss har fylgd prossessen og skjønar at dette må ha vore enormt med arbeid, der forfattaren har brukt alle tilgjengelege kjelder og sitt eige omfattande arkiv og innsyn. Det er imponerande. Eg er kanskje ikkje det første og næraste til å takka for alle, men vil i alle fall takka personleg. Gled meg til å finlesa boka.

Einy Rendal Elgsæther

Powered by Labrador CMS