LESERINNLEGG:

Øystein Folden.

Det (b)renner

Det brenner i Europa, Amerika og Sibir. Kva er det vi ser? Ikkje anna enn det vi må rekne med blir ein langt meir vanleg del av framtida vår. Dette kan vi ikkje berre melde oss ut av.

Klimaendringane er her og vil minne oss på at naturen er sterkare enn oss. Vi må nok berre pent innrette oss slik at naturen får det slik han vil. Gjer vi ikkje det, så må vi rekne med at det vil både renne og brenne meir og nærare oss enn det vi har sett den siste tida.

Om ein månad har vi eit nytt Storting. Før den tid kan mange av oss bruke ein røystesetel. Kva for ein røystesetel ein bruker kan ha ein heil del å seie for kva slags klima vi kan vente oss dei neste tiåra. Det vil ha mykje å seie for kva slags framtid dei som kjem etter oss skal få.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS