LESERINNLEGG:

Eivind Hasle.

Behov for kronerulling?

Publisert Sist oppdatert

Litteraturhuset i Møre og Romsdal er etablert, i eit samarbeid mellom Nynorsksenteret i Ørsta, Bjørnsonfestivalen i Molde, fylkeskommunen og kommunane i fylket. Tunge næringslivsinteresser frå alle delar av fylket har sett verdien og gir støtte, m.a. fleire bankar og GassROR.

Det dreier seg ikkje om eit spesielt bygg, men om eit regionalt samarbeid, for å gi folk i heile fylket gode litteraturopplevingar, og inspirere til lesing, skriving og kulturell næringsutvikling.

Men nynorsk- og Vårsøgkommunen Surnadal er ikkje i stand til å prioritere 15 000 kr til slikt! Og skuldar på koronaen – som om Surnadal er verre ramma av den enn dei andre kommunane i fylket? (jf Driva 10/3-21)

No veit vi jo frå før – i samband med at kommunen for få år sidan melde seg ut av Landssamanslutninga av nynorskkommunar - at Surnadal kommune ikkje synest ha råd til samhandlingstiltak og utgifter for å styrke eller utvikle skriftspråket og språk- og uttrykksgleda med utgangspunkt i det lokale talemålet.

Eg lovar 1000 kr som ein start på ei kronerulling til inntekt for Litteraturhuset – og satsar på at fleire henger seg på opp til 15 000 kr. Vi må unngå at dei administrative og politiske kultur- og næringslivsprioriteringane i Surnadal skjemmer ut kommunen totalt!

Powered by Labrador CMS