LESERINNLEGG - VALG 2021:

Arkivfoto, 2020

Er eldreomsorga gløymd i valkampen?

Johs J. Vaag

Etter mitt syn har temaet eldreomsorg ikkje fått den merksemda dette temaet fortener i denne valkampen, så langt. Landet vårt har store utfordringar på dette feltet. Framskrivingstal frå SSB viser stor auke i talet på eldre i åra framover. Dette er ein situasjon som må takast på høgste alvor. Det er ei kjend sak at det er store skilnader mellom norske kommunar når det gjeld nivå og kvalitet på eldreomsorga. Senter for omsorgsforsking har på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet undersøkt stoda innan eldreomsorga i Kommune-Norge. Rapporten syner at det er store skilnader, avhengig av kor ein bur i landet. Ei rekkje kommunar har ikkje ei eldreomsorg som oppfyller lova sine krav. Dette er sjølvsagt ikkje slik det skal vere, og må snarast rettast opp. Slik skal vi ikkje ha det i Velferds-Norge!

I denne valkampen har ein gong på gong fått høyre at skilnadane i samfunnet har auka dei siste åra og at dei rikaste har blitt rikare. Når det gjeld eldreomsorga kan ein jamne ut forskjellar kommunane i mellom ved å innføre statleg finansiering av eldreomsorga, slik FrP ivrar for. Svake grupper, som eldre omsorgstrengande gjerne er, vil ved ei slik finansieringsform kunne bli sikra meir like minimumstilbod uansett kor ein måtte bu i dette landet. Gode , framtidsretta og utjamnande forslag om tiltak og opplegg for ei god eldreomsorg bør vurderast seriøst og takast på høgste alvor same kva politisk farge det måtte vere på dei som kjem med forslaga!

Over ein del år no har vi her i landet hatt ei forsøksordning med statleg finansiering av eldreomsorga. FrP har vore ein aktiv pådrivar i dette forsøksprosjektet. I Midt-Norge er Sp-styrte Stjørdal og A-styrte Selbu vore med på ordninga. Ikkje rettare enn det eg kjenner til har røynslene med denne forsøksordninga vore avgjort positive og kommunane som har deltatt har vore nøgde. Brukarane har opplevd at dei har fått betre medverknad. Skulle ein på sikt få i stand ei slik ordning for heile landet, vil innbyggjarane ha krav på like gode tenester og tilbod om ei måtte bu på Aukra eller i Surnadal. Blir det regjeringsskifte etter valet forstår eg det slik at denne forsøksordninga vil bli stoppa når forsøksperiodane er over.

Mange er skeptiske til statleg finansiering av eldreomsorga. Det har blitt hevda med styrke at får kommunane meir pengar, blir det og meir pengar til eldreomsorg. Slik treng det slett ikkje gå. Det har vi mange konkrete døme på. Evalueringa av bruken av eldremilliarden kommunane fekk i si tid etter «eldreopprøret», som heidersmannen Per Hovda hadde mykje av æra for, viste at ein stor del av pengane blei bruka til heilt andre føremål enn eldreomsorg. Store tap som følgje av aksjespekulasjon med fellesskapet sine midlar er eit anna døme.

Samanhengande over 50 år har eg som kommunalt tilsett innan helse- og sosialsektoren, folkevald og tillitsvald i frivillige organisasjonar følgd eldrepolitikken i landet vårt. Mitt syn er at tilbod og tenester til dei eldre må vere like gode same kor ein måtte bu

Powered by Labrador CMS